Ecclesiastes 3

Alt hev si stund, og kvart tiltak under himmelen hev si tid: Fødast hev si tid, og døy hev si tid; planta hev si tid, og riva upp det som er planta hev si tid; drepa hev si tid, og lækja hev si tid; riva ned hev si tid, og byggja upp hev si tid; gråta hev si tid, og læ hev si tid; syrgja hev si tid, og dansa hev si tid; kasta stein hev si tid, og sanka stein hev si tid; fangtak hev si tid, og halda seg frå fangtak hev si tid; leita hev si tid, og missa hev si tid; gøyma hev si tid, og kasta burt hev si tid; riva sund hev si tid, og sauma i hop hev si tid; tegja hev si tid, og tala hev si tid; elska hev si tid, og hata hev si tid; ufred hev si tid, og fred hev si tid. Kva vinning fær då den som gjer noko av den møda han hev med det? 10 Eg såg på det strævet som Gud hev gjeve mannsborni å stræva med. 11 Alt hev han laga fagert til si tid, ja, æva hev han lagt i hjarta deira, men so at menneskja ikkje kann finna ut frå upphav til endes det verk som Gud hev gjort. 12 Då skyna eg at dei ikkje hev noko betre enn å gleda seg og goda seg so lenge livet varer. 13 Men det å eta og drikka og njota livet midt i all møda, det og ei Guds gåva for kvar mann. 14 Eg skyna at alt det Gud gjer, det varer æveleg, ikkje kann ein leggja noko til, og ikkje kann ein taka noko ifrå; og det hev Gud gjort so, av di me skal ottast honom. 15 Det som hender, hev vore til fyrr, og det som kjem til å henda, hev og vore til fyrr; Gud leitar upp att det framfarne. 16 Framleides såg eg under soli: I domstolen, der sat uretten, og på rettferd-staden, der var uretten. 17 Då sagde eg med meg sjølv: «Den rettferdige og den urettferdige skal Gud døma; for hjå han er det sett ei tid for kvart tiltak og for kvart verk.» 18 Eg sagde med meg sjølv: «Det er for mannsborni skuld, for Gud vil prova deim, so dei kann sjå at dei i seg sjølve ikkje er anna enn dyr. 19 For lagnaden åt mannsborni er som lagnaden åt dyri, ja, same lagnaden fær dei; som den eine døyr, so døyr den andre, og ei ånd hev dei alle; menneskja hev ingen fyremun framfor dyri, for alt er fåfengt. 20 Alle gjeng til ein stad, alle er komne av moldi, og alle skal attende til moldi. 21 Kven veit um åndi åt menneski stig uppetter, og um åndi åt dyri fer ned til jordi?» 22 So skyna eg at ingen ting er betre enn at mannen er glad i arbeidet sitt, for det er hans lut. For kven kann føra honom so langt, at han ser inn i det som skal koma etter honom?
Copyright information for NorSMB