Ecclesiastes 7

Betre godt namn enn god salve, og betre døyande-dagen enn fødedagen. Betre til syrgjehus ganga enn til gjestebodshus, so visst som det er enden for alle menneskje, og den som liver, skal leggja seg det på hjarta. Betre gremmelse enn lått, for når andlitet ser ille ut, stend vel til med hjarta. Hjarta åt vismenner er i syrgjehus, men hjarta åt dårar er i gledehus. Betre høyra skjenn av ein vismann enn når nokon høyrer song av dårar. For som tyrnerris sprakar under gryta, soleis er det når dåren lær. - Det og er fåfengd. For urett vinning gjer vismann til dåre, og mutor skjemmer ut hjarta. Betre enden på ei sak enn upphavet, betre tolmodig enn ovmodig. Ver ikkje for brå i hugen til å gremmast, for gremmelse bur i barmen på dårar. 10 Seg ikkje: «Korleis hev det seg at dei framfarne dagar var betre enn dei som no er?» For ikkje utav visdom spør du um det. 11 Visdom er jamgod med ervegods, og ei vinning for deim som ser soli. 12 For ein sit i skuggen av visdomen som i skuggen av pengar, men fyremunen med kunnskap er at visdomen held eigaren sin i live. 13 Sjå på Guds verk! For kven kann beinka det som han hev gjort krokut? 14 På ein god dag skal du vera i godlag, og på ein vond dag skal du tenkja på at Gud hev gjort den og likso vel som hin, av di at menneskja ikkje skal finna noko ulivt etter si avferd. 15 Alt hev eg set i dei fåfengde dagerne mine: Det hender at ein rettferdig gjeng til grunns tråss i si rettferd, og at ein gudlaus liver lenge tråss i sin vondskap. 16 Ver ikkje altfor rettferdig, og te deg ikkje for vis! Kvifor vil du tyna deg sjølv? 17 Ver ikkje altfor gudlaus, og ver ikkje ein dåre? Kvifor vil du døy fyre tidi? 18 Det er godt at du held fast på det eine og ikkje heller slepper handi av det andre, for den som ottast Gud, han greider seg or alt dette. 19 Visdomen gjev vismannen ei sterkare vern enn ti magthavarar i ein by. 20 For det finst ikkje eit rettferdigt menneskje på jordi som berre gjer godt og aldri syndar. 21 Agta ikkje heller på alt det som folk segjer, elles kunde du få høyra din eigen træl banna deg. 22 For du veit med deg sjølv, at du og mange gonger hev banna andre. 23 Alt dette hev eg røynt ut med visdom. Eg tenkte: «Visdom vil eg vinna!» men han heldt seg langt burte frå meg. 24 Langt burte er det som til er, og so djupt, so djupt; kven kann nå det? 25 Eg gav meg til, og hugen gjekk ut på å kjenna og granska og søkja visdom og ettertanke og få vita at gudløysa er dårskap og narreskapen vitløysa. 26 Då fann eg at kvinna er beiskare enn dauden, for ho er eit net, og hjarta hennar eit garn, og henderne hennar lekkjor. Den som tekkjest Gud, slepp ifrå henne, men syndaren vert hennar fange. 27 Sjå det fann eg, segjer preikaren, då eg lagde det eine i hop med det andre og vilde koma til ei endelykt: 28 Det som eg stødt hev leita etter, men ikkje funne, det er: Ein mann millom tusund hev eg funne, men ei kvinna hev eg ikkje funne millom alle deim. 29 Berre dette hev eg funne ut, skal du vita, at Gud hev skapt menneskja rett, men dei søkjer mange krokar.
Copyright information for NorSMB