Ephesians 1

Paulus, Jesu Kristi apostel ved Guds vilje, til dei heilage i Efesus som trur på Kristus Jesus: Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Fader, og Herren Jesus Kristus! Lova vere Gud og vår Herre Jesu Kristi Fader, som hev velsigna oss med all åndeleg velsigning i himmelen i Kristus, liksom han valde oss ut i honom, fyrr verdi vart grunnlagd, at me skulde vera heilage og ulastelege for hans åsyn, med di han i kjærleik fyreåt etla oss til barnekår hjå seg sjølv ved Jesus Kristus etter si frie vilje-rådgjerd, til lov for sin herlege nåde, som han gav oss i honom som han elskar. I honom hev me utløysingi ved hans blod, forlating for synderne, etter rikdomen av hans nåde, som han gav oss rikleg i all visdom og vitsemd, då han kunngjorde oss løyndomen um sin vilje etter si frie rådgjerd, som han fyresette seg med seg sjølv, 10 um eit hushald han vilde skipa når tiderne var fullkomne, nemleg at han atter vilde sameina alt til eitt i Kristus, både det som er i himmelen, og det som er på jordi. 11 Og i honom hev me og fenge arvlut, etter at me fyreåt var etla dertil etter hans fyresetning som verkar alt etter si vilje-rådgjerd, 12 so me skulde vera hans herlegdom til lov, me som fyreåt hadde vona på Kristus. 13 Og i honom hev de og, då de hadde høyrt sannings-ordet, evangeliet um dykkar frelsa - i honom hev de og, då de hadde teke ved trui, fenge til innsigle den Heilage Ande, som var oss lova, 14 han som er pantet på vår arv til hans eigedomsfolks utløysing, hans herlegdom til lov. 15 Difor, sidan eg høyrde um dykkar tru på Herren Jesus og um dykkar kjærleik til alle dei heilage, 16 so held eg ikkje upp med å takka for dykk når eg kjem dykk i hug i mine bøner, 17 at vår Herre Jesu Kristi Gud, herlegdomens Fader, må gjeva dykk visdoms og openberrings Ande til kunnskap um seg, 18 og gjeva dykkar hug upplyste augo, so de kann kjenna kva von det er han hev kalla dykk til, og kor rik på herlegdom hans arv er ibland dei heilage, 19 og kor yvervættes stor hans magt er for oss som trur, etter verknaden av hans velduge kraft, 20 som han synte på Kristus, då han vekte honom upp frå dei daude og sette honom ved si høgre hand i himmelen, 21 høgt yver all magt og yverråd og alt velde og herredøme og yver kvart namn som vert nemnt, ikkje berre i denne verdi, men og i den tilkomande, 22 og han lagde alt under hans føter og gav honom som hovud yver alle ting åt kyrkja, 23 som er hans likam, fyllt av honom som fyller alt i alle.
Copyright information for NorSMB