Ephesians 4

Eg legg dykk då på hjarta, eg den bundne i Herren, at de må ferdast so som verdigt er for det kallet som de vart kalla med, med all audmykt og spaklynde, med langmod, so de toler kvarandre i kjærleik og legg vinn på å halda Andens einskap i fredsens samband: Ein likam og ein Ande, liksom de og er kalla med ei von i dykkar kall, ein Herre, ei tru, ein dåp, ein Gud og Fader til alle, han som er yver alle og gjenom alle og i alle. Men kvar og ein av oss hev fenge nåden etter det målet som Kristi gåva vert mælt med. Difor segjer Skrifti: «Han for upp i det høge og førde burt fangar og gav menneski gåvor.» Men det at han for upp, kva er det, utan at han og fyrst for ned til lægderne på jordi? 10 Han som for ned, han er den same som for upp yver alle himlar, for at han skulde fylla alt. 11 Og det er han som gav oss sume til apostlar, sume til profetar, sume til evangelistar, sume til hyrdingar og lærarar, 12 so dei heilage kunde verta fullt tilbudde til å gjera tenesta, til å byggja upp Kristi likam, 13 til dess me alle saman når fram til einskapen i trui og i kjennskapen til Guds Son, til mogen manndom, til aldersmålet for Kristi fylla, 14 so me ikkje lenger skal vera umynduge og lata oss kasta og driva um av kvar lærdoms vind ved meinspel av menneski, ved sløgd i illråder som dei villfarande finn på, 15 men at me, true mot sanningi i kjærleik, i alle måtar skal veksa upp til honom som er hovudet, Kristus, 16 so heile likamen, samanknytt og samanfest ved kvart band som han gjev, veks sin vokster som likam ut ifrå honom til si uppbyggjing i kjærleik, alt etter den verksemd som er tilmælt kvar lem. 17 Dette segjer eg då og vitnar i Herren, at de ikkje lenger må ferdast som heidningarne ferdast i sin hugs fåfengd, 18 formyrkte i sin tanke, framande vortne for Guds liv ved den vankunna som er i deim for deira forherde hjarto skuld, 19 med di dei hev vorte tykkjelause og hev gjeve seg til ulivnad, til all ureinskaps gjerd med havesykja. 20 Men de hev ikkje lært soleis um Kristus, 21 um de elles hev høyrt um honom og er upplærde i honom, so som sanning er i Jesus: 22 at de etter dykkar fyrre livsferd skal leggja av det gamle menneskje, som vert tynt ved dei dårande lyster, 23 men verta uppnya ved Anden i dykkar hug 24 og klæda dykk i det nye menneskje, som er skapt etter Gud med den rettferd og heilagdom som sanningi verkar. 25 Legg difor av lygni og tala sanning kvar med sin næste, av di me er kvarannans lemer. 26 Vert de vreide, so synda ikkje! Lat ikkje soli ganga ned yver dykkar harm! 27 Og gjev ikkje djevelen rom! 28 Den som stal, stele ikkje lenger, men arbeide heller og gjere noko godt med sine hender, so han kann hava noko å gjeva til dei trengande. 29 Ingen roten tale koma ut or dykkar munn, men slik tale som er god til naudsynleg uppbyggjing, so det må vera til gagn for deim som høyrer på, 30 og gjer ikkje Guds Heilage Ande sorg, han som de hev fenge til innsigle til utløysingsdagen! 31 All illska og villska og vreide og skriking og spotting vere langt ifrå dykk liksom all vondskap! 32 Men ver gode mot kvarandre, miskunnsame, so de tilgjev kvarandre, liksom og Gud hev tilgjeve dykk i Kristus.
Copyright information for NorSMB