Ephesians 5

Vert difor Guds etterfylgjarar som hans kjære born, og ferdast i kjærleik, liksom Kristus elska oss og gav seg sjølv for oss til ei gåva og eit offer, Gud til ein hugleg ange! Men utukt og all ureinskap eller havesykja må ikkje eingong verta nemnde millom dykk, so som det sømer seg for heilage, og skjemdarferd og dårlegt svall og lauslyndt skjemt, som alt saman er usømelegt, men heller takksegjing! For dette veit de og skynar, at ingen horkar eller urein eller girug - som er ein avgudsdyrkar - hev arv i Kristi og Guds rike. Lat ingen dåra dykk med tome ord! for av slike ting kjem Guds vreide yver dei vantruande! Hav difor ingen ting saman med deim! For de var fordom myrker, men no er de ljos i Herren; ferdast som born av ljoset - for frukti av ljoset syner seg i all godleik og rettferd og sanning - 10 so de prøver kva som er Herren til hugnad, 11 og hav inkje samlag med dei fruktlause gjerningar av myrkret; men refs deim heller! 12 For det som løynlegt vert gjort av deim, er det skamlegt endå berre å tala um; 13 men når det vert refst, vert det alt saman openberra av ljoset; for alt som vert openberra, er ljos. 14 Difor segjer skrifti: «Vakna, du som søv, og statt upp frå dei daude, og Kristus skal lysa for deg!» 15 Sjå difor til korleis de kann ferdast varleg, ikkje som uvise, men som vise, 16 so de kjøper den laglege tid; for dagarne er vonde! 17 Ver difor ikkje uvituge, men skyna kva Herrens vilje er! 18 Og fyll dykk ikkje med vin, som det er skamløysa i, men vert fyllte med Anden, 19 so de talar til kvarandre med salmar og lovsongar og åndelege visor og syng og leikar i dykkar hjarto for Herren, 20 og alltid takkar Gud og Faderen for alle ting i vår Herre Jesu Kristi namn, 21 og er kvarandre undergjevne i age for Kristus! 22 De konor, ver dykkar eigne menn undergjevne som Herren! 23 For mannen er hovudet for kona, liksom Kristus er hovudet for kyrkja, han som er frelsaren for sin likam. 24 Men liksom kyrkja er Kristus undergjevi, so skal og konorne vera sine eigne menner undergjevne i alle ting. 25 De menner, elska konorne dykkar, liksom Kristus elska kyrkja og gav seg sjølv for henne, 26 so han kunde helga henne, med di han reinsa henne ved vatsbadet i ordet, 27 so han kunde framstella kyrkja for seg i herlegdom, utan flekk eller rukka eller noko slikt, men so ho kunde vera heilag og ulasteleg. 28 Soleis er mennerne skuldige til å elska konorne sine som sine eigne likamar. Den som elskar si kona, elskar seg sjølv. 29 For aldri hev nokon hata sitt eige kjøt, men han føder og fjelgar det, liksom Kristus gjer med kyrkja; 30 for me er lemer på hans likam. 31 Difor skal mannen skiljast med far og mor og halda seg hjå kona si, og dei tvo skal vera eitt kjøt. 32 Denne løyndomen er stor - men eg tenkjer på Kristus og kyrkja. 33 Men de og skal elska kvar si kona som seg sjølv, og kona hava age for mannen.
Copyright information for NorSMB