Esther 1

Det hende seg i styringstidi åt Ahasveros - som rådde frå India alt til Ætiopia yver eit hundrad og sju og tjuge jarlerike - i dei dagarne då kong Ahasveros sat på kongsstolen i borgi Susan: i det tridje styringsåret hans gjorde han eit gjestebod for alle hovdingarne og tenarane sine, medan heren frå Persia og Media var samla hjå honom, saman med storfolket og jarlarne. I mange dagar, eit hundrad og åtteti dagar, synte han deim sin kongelege rikdom og herlegdom og stordom med all dramb og drust. Då dei dagarne var lidne, gjorde kongen eit gjestebod i sju dagar for alt folket som fanst i borgi Susan, frå den høgste til den lægste, i den inngjerde hagen ved kongsborgi. Der hekk tjeld av kvitt lin og bomull og purpurblått ty, feste med kvite og purpur-raude snorer til sylvringar på kvite marmorsulor. Der stod benkjer av gull sylv, på eit golv av grønt og kvitt marmor og perlemorstein og svart stein. Drykkjerne vart skjenkte i gullstaup, kvart staup hadde sers skap. Og der var nøgdi av kongeleg vin, på kongevis. Den fyresegni vart sett drikkingi, at ingen skulde nøydast; kongen hadde bode alle hovmeistrarne at dei skulde lata kvar mann få so mykje han sjølv hadde hug på. Dronning Vasti gjorde samstundes eit gjestebod for kvinnorne i det kongelege huset åt kong Ahasveros. 10 Sjuande dagen då kongen var fjåg av vinen, baud han dei sju hirdmennerne som gjorde tenesta hjå kong Ahasveros: Mehuman, Bizta, Harbona, Bigta, og Abagta, Zetar og Karkas, 11 at dei skulde henta dronning Vasti og leida henne fram for kongen, med kongskruna på, so han kunde syna fram vænleiken hennar for folki og for hovdingarne; for ho var fager å sjå til. 12 Men dronning Vasti vilde ikkje koma, tråss i det kongsbodet hirdmennerne bar fram. Då vart kongen veldugt vreid, og harmen loga upp i honom. 13 Kongen sagde til vismennerne, dei som hadde vit på tiderne - soleis vart alle kongssakar framlagde for deim som hadde vit på lov og rett, 14 og dei som stod honom næmast, var Karsena, Setar, Admata, Tarsis, Meres, Marsena og Memukan, dei sju hovdingarne i Persia og Media, som stod kongen næmast, og åtte øvste sæti i riket -: 15 «Kva skal det etter lovi gjerast med dronning Vasti, sidan ho ikkje lyder det bodet kong Ahasveros sende henne med hirdmennerne?» 16 Memukan tok til ords for kongen og hovdingarne: «Dronning Vasti hev ikkje berre forbrote seg mot kongen, men mot alle hovdingarne og alle folki i alle jarleriki åt kong Ahasveros. 17 Åtferdi hennar vil koma ut millom alle konorne, og vil føra til at dei vanvyrdar mennerne sine; for dei vil segja: «Kong Ahasveros baud at dei skulde føra dronning Vasti fram for honom, men ho kom ikkje!» 18 Ja, alt i dag vil hovdingfruorne i Persia og Media høyra gjete åtferdi til dronningi og svara alle kongens hovdingar sameleis, og det vil verta nok av vanvyrdnad og harm. 19 Tekkjest det kongen, so lat eit kongebod verta utferda, og uppskrive millom loverne i Persia og Media, so det stend uruggeleg fast, at Vasti skal aldri meir koma fram for kong Ahasveros; hennar kongelege stand gjev kongen til ei onnor, som er likare enn ho. 20 Når dette kongelege påbodet vert utferda og kunngjort i heile kongens rike, so vida det rekk, då vil alle konor syna mennerne sine æra, frå dei høgste til dei lægste.» 21 Dette ordet lika kongen og stormennerne godt, og kongen gjorde som Memukan hadde sagt. 22 Brev vart sende til alle jarledømi åt kongen, til kvart jarledøme med deira skrift og til kvart folk på deira tungemål: at kvar mann skulde vera herre i sitt hus, og tala sitt eige folkemål.
Copyright information for NorSMB