Esther 10

Kong Ahasveros lagde skatt på upplandet på sjøbygderne. Alt det han gjorde i si magt og sitt velde, og ei greinleg melding um den høge rang som kongen lyfte Mordokai upp til, det er uppskrive i krønikeboki åt dei mediske og persiske kongarne. Jøden Mordokai var den som stod kong Ahasveros næmest, og han var stor millom jødarne og kjær for dei mange brørne sine; han søkte det som godt var for folket sitt, og tala til bate for all si ætt.
Copyright information for NorSMB