Esther 4

Då Mordokai fekk vita alt som var hendt, reiv han sund klædi sine og klædde seg i sekk og oska, gjekk ut i byen og skreik høgt og sårt. Og han kom til plassen utanfor kongsporten; for ingen fekk lov til å ganga inn i kongsporten i syrgjebunad. I kvart jarlerike, dit som kongens ord og påbod nådde, der vart det stor sorg millom jødar; dei fasta og gret og jamra; mange reidde upp under seg med sekk og oska. Ternorne og hirdmennerne åt Ester kom og fortalde henne dette, og dronningi vart reint forstøkt. Ho sende klæde til Mordokai som han skulde taka på seg i staden for syrgjebunaden; men han tok ikkje imot. Ester kalla då til seg Hatak, ein av kongens hirdmenner, som var sett til å tena henne, og sende honom til Mordokai til å få vita kva som var tids, og kvifor han bar seg soleis. Hatak gjekk ut til Mordokai på bytorget under kongsporten. Og Mordokai fortalde honom um alt det som hadde hendt honom, og nemnde grant den pengesumen som Haman hadde lova å vega upp åt kongskassa for jødarne, når han fekk tynt dei. Dessutan gav han honom avskrift av det skrivne påbodet som hadde vorte utferda i Susan um å rydja deim ut; han skulde syna Ester det og melde henne det, og bjoda henne å ganga inn til kongen og beda um miskunn og søkja nåde for folket sitt hjå honom. Hatak kom og melde Ester det Mordokai hadde sagt. 10 Då baud Ester Hatak ganga til Mordokai og segja: 11 «Alle kongstenarane og folket i kongens jarlerike veit at den lovi gjeld for alle, kar eller kvende: gjeng nokon ukalla inn til kongen i den indre garden, so lyt han lata livet; det einaste er um kongen retter ut mot honom gullstaven, då fær han liva. Og eg hev ikkje vore kalla til kongen no på tretti dagar.» 12 Dei fortalde Mordokai kva Ester hadde sagt. 13 Då sagde Mordokai dei skulde svara henne: «Du må ikkje tenkja med deg sjølv at du skal sleppa undan millom alle jødar, av di er i huset hjå kongen. 14 Nei, tegjer du verkeleg stilt i dette høvet, so skal nok jødarne få utfriing og frelsa frå ein annan kant; men du og farshuset ditt skal ganga til grunnar. Kven veit um ikkje du hev nått til kongeleg rang just for dette høvet skuld?» 15 Då let Ester Mordokai få dette svaret: 16 «Gakk og få saman alle jødar som finst i Susan, og haldt fasta for meg, so de korkje et eller drikk noko på tri døger, natt og dag. Eg og ternorne mine vil og fasta sameleis. Og so vil eg ganga inn til kongen, endå det er ulovlegt. Lyt eg so døy, so lat meg døy!» 17 Mordokai gjekk av stad og gjorde i alle måtar so som Ester hadde bode honom.
Copyright information for NorSMB