Esther 6

Den natti flydde svevnen frå kongen. Han baud henta krønikeboki med minnelege hendingar, og ho vart upplesi for kongen. Der fann dei uppskrive at Mordokai hadde meldt Bigtana og Teres, tvo hirdmenner hjå kongen som heldt vakt ved dørstokken, for dei hadde søkt høve til å leggja hand på kong Ahasveros. So spurde kongen: «Kva æra og vyrdnad hev Mordokai fenge for dette?» Kongsdrengjerne som tente honom svara: «Han hev ingen ting fenge.» So spurde kongen: «Kven er det som er ute i garden?» I det bilet var Haman komen inn i den ytre garden ved kongshuset, og vilde tala med kongen um å få hengt Mordokai i galgen han hadde reist åt honom. Kongsdrengjerne svara: «Haman stend der ute i garden.» «Lat honom koma inn!» sagde kongen. Då Haman kom inn, spurde kongen honom: «Korleis skal ein fara åt med den mannen som kongen gjerna vil heidra?» Haman tenkte med seg sjølv: «Kven skulde kongen vilja heidra meir enn meg?» So svara han kongen: «Den som kongen gjerne vil heidra, åt honom skal ein henta ein kongeleg klædnad som kongen sjølv hev bore, og ein hest som kongen sjølv hev ride på, og som hev fenge ei kongeleg kruna på hovudet, klædnaden og hesten skal gjevast til ein av dei øvste stormennerne åt kongen, og dei skal hava klædnaden på den mannen kongen vil heidra og føra honom ridande på hesten fram på bytorget, og ropa framfyre honom: «Soleis gjer ein med den mannen som kongen vil heidra.»» 10 Då sagde kongen med Haman: «Skunda deg, tak klædnaden og hesten, som du hev sagt, og gjer soleis med jøden Mordokai som sit i kongsporten! Gløym ikkje noko av alt det du sagde!» 11 Haman tok klædnaden og hesten, hadde klædnaden på Mordokai, let honom rida fram på bytorget og ropa fyre honom: «Soleis gjer ein med den mannen som kongen vil heidra!» 12 Mordokai vende attende til kongsporten; men Haman skunda seg heim, sorgfull og med hovudet innsveipt. 13 Og Haman fortalde Zeres, kona si, og alle venerne sine alt det som hadde hendt honom. Då sagde vismennerne hans og Zeres, kona hans, med honom: «Um so er at Mordokai, som du tek til å liggja under for, er av jødeætt, so magtast du ingen ting mot honom; du kjem til å liggja reint under for honom.» 14 Medan dei endå tala med honom, kom hirdmennerne åt kongen og skulde snøggast henta Haman til gjestebodet som Ester hadde laga til.
Copyright information for NorSMB