Exodus 1

No skal de få høyra namni på Israels-sønerne som kom til Egyptarland; med Jakob kom dei, kvar med sin huslyd: Ruben og Simeon og Levi og Juda, Issakar og Sebulon og Benjamin, Dan, Naftali, Gad og Asser. Med alle i hop var det sytti mann som var ætta frå Jakob; Josef han var no alt i Egyptarland. Og Josef døydde, og alle brørne hans, og heile den ætti. Men Israels-folket muna og voks og auka og vart uhorveleg mannsterke, so dei fyllte heile landet. Då kom det ein ny konge i Egyptarland, som ikkje visste noko um Josef. Og han sagde med folki sine: «Sjå, Israels-lyden er større og sterkare enn me. 10 Lat oss no fara klokt fram, so dei ikkje skal aukast so mykje! For kjem det ufred, so kunde dei gjerne slå seg i hop med uvenerne våre, og strida mot oss, og fara or landet!» 11 So sette dei futar yver deim, som skulde plåga deim med tungarbeid, og dei laut byggja tvo byar med varehus for Farao; det var Pitom og Ramses. 12 Men di meir dei plåga deim, di meir auka dei, og di meir breidde dei seg ut, og egyptarane tok til å fæla for Israels-folket. 13 Soleis nøydde dei no Israels-folket til å træla for seg, 14 og gjorde livet surt for deim med hardt arbeid i leirtaki og tiglverki og med allslags jordarbeid: alt arbeidet dei vilde ha gjort, det truga dei deim til å gjera. 15 Og kongen i Egyptarland sagde til dei hebraiske ljosmøderne - den eine av dei heitte Sifra og den andre Pua -: 16 «Kvar gong de hjelper ei hebraisk barnsengkona,» sagde han, «so skal de sjå i fødestolen: Er det son ho hev fenge, so drep honom! er det dotter, so må ho liva.» 17 Men ljosmøderne hadde age for Gud, og gjorde ikkje som kongen i Egyptarland sagde, men let småsveinarne liva. 18 Då kalla kongen ljosmøderne fyre seg, og sagde med deim: «Kvi gjer de dette og let sveinborni liva?» 19 «Dei hebraiske konorne er ikkje som dei egyptiske,» svara ljosmøderne; «dei er sterkare; innan ljosmori kjem, hev dei fenge barnet.» 20 Då gjorde Gud vel imot ljosmøderne; og folket auka, og vart ovleg mangment. 21 Og for di ljosmøderne hadde age for Gud, so gav han deim ætt og avkjøme. 22 Men Farao sende bod utyver til heile folket sitt og sagde: «Kvar son som kjem til verdi, skal de kasta i elvi; berre døtterne skal de lata liva!»
Copyright information for NorSMB