Exodus 10

Og Herren sagde til Moses: «Gakk fram for Farao! For det er eg som hev gjort honom so hard, både honom og mennerne hans, so eg kunde fremja desse teikni mine imillom deim, og so du skal fortelja son din og soneson din korleis eg hev fare åt med egyptarane, og kva teikn eg hev gjort hjå deim - so de skal sanna at eg er Herren!» So gjekk Moses og Aron fram for Farao og sagde med honom: «So segjer Herren, Hebræarguden: «Kor lenge skal det vara fyrr du vil bøygja deg for meg? Lat folket mitt fara, so dei kann tena meg! For trassar du og ikkje let folket mitt fara, so skal eg i morgon senda grashoppar inn i riket ditt. Dei skal breida seg ut yver åker og eng, so tett at ein ikkje kann sjå marki, og eta upp kvar einaste grand som de hev att etter haglet, og snøyda kvart eit tre som veks i hagarne dykkar. Og dei skal fylla upp husi for deg og mennerne dine og alle egyptarane, so ikkje federne dine og ikkje federne åt federne dine skal ha set slik syn, frå den dag dei vart til på jordi og til den dag i dag.»» Dermed snudde han seg, og gjekk burt ifrå Farao. Då sagde hirdmennerne med Farao: «Kor lenge skal denne mannen vera ei snara for oss? Lat no folki fara, so dei kann tena Herren, Guden sin! Ser du ikkje endå at Egyptarlandet vert øydelagt?» So kalla dei Moses og Aron attende til Farao, og han sagde med deim: «Gakk so av stad då, og ten Herren, Guden dykkar! Kor mange er det no som skal fara?» «Me lyt fara alle, både unge og gamle,» svara Moses; «både sønerne og døtterne våre lyt vera med oss, både småfeet og storfeet vårt; for me skal halda ei stor høgtid for Herren.» 10 Då sagde han til deim: «Herren vere med dykk, so visst som eg let dykk fara burt med borni dykkar! Sjå der um de ikkje tenkjer på vondt! 11 Nei, dette vert ikkje noko av! De mennerne kann fara og tena Herren; for det var det de bad um!» Dermed jaga dei deim burt frå augo åt Farao. 12 Då sagde Herren til Moses: «Rett handi di ut yver Egyptarland, so skal grashopparne koma drivande innyver landet og eta upp all grøda på marki, alt som haglet hev spart.» 13 So rette Moses staven sin ut yver Egyptarland, og Herren sende ein austanvind som stod innyver landet heile den dagen og heile natti; um morgonen kom austanvinden med grashopparne. 14 Og grashopparne dreiv innyver heile Egyptarlandet, og slo seg ned i heile riket, ein uhorveleg brote: aldri fyrr hadde det vore so mykje med grashoppar, og aldri meir vil det koma. 15 Dei lagde seg utyver landet, so tett at markerne myrkna, og åt upp all grøda på åkrarne og all alda på trei, som haglet hadde leivt, og det fanst ikkje att namnet av grønt, anten på tre eller strå, i heile Egyptarlandet. 16 Då skunda Farao seg og sende bod etter Moses og Aron, og sagde: «Eg hev synda mot Herren, dykkar Gud, og mot dykk. 17 Kjære væne, gjev til synda mi denne enaste gongen, og bed til Herren, dykkar Gud, at han berre vil taka denne fæle landøyda burt frå meg!» 18 So gjekk Moses ut att frå Farao, og bad til Herren. 19 Då vende Herren vinden, so det vart ein ovsterk vestanvind, og den førde grashopparne burt, og støytte deim ned i Raudehavet; det vart ikkje att ein einaste grashopp i heile Egyptarriket. 20 Men Herren gjorde Farao hard i hugen, so han ikkje let Israels-folket fara. 21 Og Herren sagde til Moses: «Rett handi di upp imot himmelen, so skal det leggja seg myrker yver Egyptarlandet, eit myrker so tjukt at ein kann taka i det.» 22 So rette Moses handi si upp imot himmelen. Då vart det stumende myrkt i heile Egyptarland i tri dagar. 23 Den eine timde ikkje den andre, og i tri dagar var det ingen som torde reisa seg av sessen sin. Men der Israels-folket budde, der var det ljost alle stader. 24 Då sende Farao bod etter Moses, og sagde: «Gakk av og haldt høgtid for Herren! Borni dykkar kann og få vera med; men bufeet, både smått og stort, lyt de setja att her.» 25 «Du må då gjeva med oss det me treng til slagtoffer og brennoffer, åt Herren, vår Gud!» svara Moses. 26 «Bufeet vårt lyt me hava med oss - ikkje ei klauv må vera att - for det er det me tek av, når me ofrar til Herren vår Gud; og me veit ikkje kva me skal ofra til honom, fyrr me kjem fram.» 27 Men Herren herde hugen åt Farao, og han vilde ikkje lata deim fara. 28 Og Farao sagde til Moses: «Gakk ifrå meg! Vara deg! Kom aldri meir for augo mine! For den dag eg ser deg for augo att, skal du døy.» 29 «Ja no sagde du det sjølv,» svara Moses, «og eg kjem aldri meir for augo dine.»
Copyright information for NorSMB