Exodus 19

Trimånadsdagen etter Israels-folket hadde fare frå Egyptarland, kom dei til Sinaiheidi: Dei tok ut frå Refidim, og kom til Sinaiheidi, og der lægra Israel seg i villmarki midt for fjellet. So steig Moses upp til Gud, og Herren ropa til honom frå fjellet og sagde: «Dette skal du segja til Jakobs-ætti og gjera kunnigt for Israels-folket: «De hev set kva eg gjorde med egyptarane, og korleis eg lyfte dykk på ørnevengjer og bar dykk hit til meg. Vil de no lyda vel etter ordi mine og halda sambandet med meg, so skal de vera mitt odelsfolk framum alle andre; for heile jordi er mi. Og de skal vera meg eit kongerike av prestar og eit heilagt folk.» Desse ordi skal du tala til Israel.» Då Moses kom att, kalla han i hop dei øvste av folket, og bar fram det bodet som Herren hadde sendt honom med. Då svara folket alle som ein: «Alt det Herren hev sagt, skal me gjera.» Og Moses bar svaret deira attende til Herren. Då sagde Herren til Moses: «Høyr her! Eg skal koma til deg i ei tett sky, so folket kann høyra at eg talar med deg; då skal dei tru på deg i al æva.» Då Moses hadde sagt Herren kva folket svara, 10 so sagde Herren til honom: «Gakk til folket, og seg dei skal helga seg idag og i morgen og två klædi sine. 11 Tridje dagen skal dei halda seg reiduge; for då vil Herren stiga ned på Sinaifjellet for augo åt alt folket. 12 Og du skal setja ei stengsla for folket rundt ikring, og segja: «Vara dykk og gakk ikkje upp på fjellet, og kom ikkje innåt det! Kvar den som kjem innåt fjellet, skal døy. 13 Ingen må taka si hand i honom! Han skal steinast eller skjotast; anten det er folk eller fe, so skal dei lata livet.» Men når dei høyrer hornet ljomar, då må dei stiga upp på fjellet.» 14 So gjekk Moses ned av fjellet til folket, og sagde dei skulde helga seg. Då tvo dei klædi sine. 15 Og han sagde til deim: «Tridje dagen lyt de halda dykk reiduge! Kom ikkje nær kvende!» 16 So var det tridje dagen, med same det ljosna, då bar det laust med toreslått og ljon; på fjellet låg ei tjukk sky, og dei høyrde ein ovsterk lurljod. Då skalv alt folket som i lægret var. 17 Men Moses førde folket ut or lægret, til møtes med Gud, og dei vart standane innunder fjellet. 18 Og heile Sinai stod i ein røyk, av di at Herren for ned på nuten i eld; røyken steig upp som av ein masomn, og heile fjellet dirra og skalv. 19 Og ljurljoden auka og vart sterkare og sterkare: Moses tala, og Gud svara honom lydt. 20 Då Herren hadde stige ned på Sinai, på øvste tinden, so kalla han Moses upp på nuten til seg. Då gjekk Moses upp, 21 og Herren sagde til honom: «Gakk ned og vara folket, so dei ikkje bryt seg fram til Herren og vil sjå honom; for då kjem mange av deim til å stupa. 22 Og prestarne, som kjem næmare innåt Herren, lyt og helga seg, so Herren ikkje skal fara inn imillom deim.» 23 Då sagde Moses til Herren: «Folket kann ikkje koma upp på Sinai. For du hev sjølv vara oss og sagt: «Set eit gjerde kring fjellet, og lys det heilagt!»» 24 Og Herren sagde til honom: «Gakk no berre ned, og kom so upp att, både du og Aron! Men prestarne og ålmugen må ikkje brjota seg fram og stiga upp til Herren; for då kjem han til å fara inn imillom deim.» 25 So gjekk Moses ned til folket og sagde det med deim.
Copyright information for NorSMB