Exodus 25

Og Herren tala til Moses, og sagde: «Seg med Israels-folket at dei skal koma med ei reida til meg! Kvar skal gjeva etter som han hev hjartelag til, og det dei gjev meg, skal de taka imot. Gåvorne som de skal taka imot av deim, det lyt vara gull og sylv og kopar og purpur og skarlak og karmesin og kvitt lin og geiteragg og raudlita verskinn og markuskinn og akazietre, olje til ljosestaken, kryddor til salvingsoljen og til den angande røykjelsen, sjohamsteinar og andre dyre steinar til å setja på messehakelen og bringeduken. Og dei skal gjera meg ein heilagdom, so vil eg bu imillom dei. Både huset eg skal bu i og all husbunaden skal de i alle måtar gjera etter det bilætet eg vil syna deg. 10 Dei skal gjera ei kiste av akazietre, halvtridje aln lang og halvonnor aln breid og halvonnor aln høg. 11 Den skal du klæda med skirt gull, både utan og innan skal du gullklæda henne, og gjera ein gullkrans på henne, rundt ikring. 12 Du skal støypa fire gullringar, og festa deim i dei fire føterne på kista, tvo på den eine sida og tvo på den andre. 13 So skal du gjera stenger av akazietre og klæda deim med gull, 14 og smøygja deim inn i ringarne på sidorne av kista; dei skal vera til å bera henne etter. 15 Stengerne skal allstødt sitja i ringarne på kista; dei må aldri takast utor. 16 I den kista skal du leggja lovtavlorne som eg vil gjeva deg. 17 So skal du gjera eit lok av skirt gull, halvtridje aln lang og halvonnor aln breidt. 18 På endarne av det skal vera tvo kerubar; deim skal du gjera av drive gull. 19 Den eine keruben skal vera ytst på den eine enden og den andre ytst på hin enden; i eitt med loket skal de gjera kerubarne, ein på kvar ende. 20 Kerubarne skal halda vengjerne utbreidde og upplyfte, so dei tekkjer yver loket med vengjerne sine, og andliti deira skal snu imot einannan: dei skal vende augo mot loket. 21 So skal du leggja loket på kista, og inni kista skal du leggja lovtavlorne som eg vil gjeva deg. 22 Og sidan vil eg møtast med deg der; frå romet yver loket millom båe kerubarne som er ovanpå lovtavlekista, vil eg tala med deg kvar gong eg sender deg med bod til Israels-folket. 23 So skal du gjera eit bord av akazietre, tvo alner langt og ei aln breidt og halvonnor aln høgt. 24 Du skal klæda det med skirt gull, og gjera ein gullkrans på det, rundt ikring. 25 Ei løvdebreid list skal du gjera rundt um det, og på listi skal du gjera ein gullkrans, som gjeng heilt ikring. 26 So skal du gjera fire gullringar, og deim skal du setja i dei fire hyrno på dei fire bordføterne. 27 Tett uppmed listi skal ringarne sitja; dei skal vera til å smøygja berestenger inn i. 28 Stengerne skal du gjera av akazietre, og klæda deim med gull; deim er det bordet skal berast i. 29 Sidan skal du gjera dei fati og skålerne som høyrer til bordet, og kannorne og bollarne som de skal skjenkja drykkoffer av; alt dette skal du gjera av skirt gull. 30 På bordet skal du allstødt setja fram skodebrød for meg. 31 So skal du gjera ein ljosestake av skirt gull; drive arbeid skal det vera, både hoven og leggen. På staken skal det vera blomar, knuppar og utsprotne blad, og dei skal vera samgjorde med honom. 32 Seks armar skal greina seg ut ifrå honom, tri på den eine sida og tri på den andre. 33 På den eine armen skal det vera tri utsprotne mandelblomar, med knupp og blad, og på den andre armen skal og vera tri utsprotne mandelblomar, med knupp og blad, og soleis på alle dei seks armarne som greinar seg ut ifrå ljosestaken. 34 På sjølve staken skal det vera fire utsprotne mandelblomar, med knupp og blad: 35 ein blomsterknupp under dei fyrste tvo armarne, og ein under dei næste tvo armarne, og ein under det tridje paret av dei seks armarne som greinar seg ut ifrå ljosestaken. 36 Både blomsterknupparne og armarne skal vera samsmidde med staken: alt skal vera eitt heilgjort arbeid av drive skirt gull. 37 So skal du gjera lamporne til ljosestaken, sju i talet, og dei skal setjast upp so ljoset fell på den veggen som er midt imot staken. 38 Sakserne og saksplatorne som høyrer til, skal vera av skirt gull. 39 Tri vågar skirt gull skal de bruka til ljosestaken og alle desse gognerne. 40 Sjå no til at du fær gjort dette etter det bilætet som vart synt deg på fjellet.
Copyright information for NorSMB