Exodus 26

Huset skal du gjera av ti åklædevever av kvitt tvinna lingarn og purpur og skarlak og karmesin, og i deim skal du veva inn fagre englebilæte. Kvar vev skal vera åtte og tjuge alner lang og fire alner breid: alle veverne skal halda same målet. Fem av veverne skal skøytast i hop til eitt tæpe, og sameleis dei hine fem veverne. I jaren på den fyrste veven, ytst på det eine tæpet, skal du gjera lykkjor av purpurgarn, og sameleis i jaren på den ytste veven i det andre tæpet. Femti lykkjor skal du gjera på den fyrste veven, og femti lykkjor i jaren på den som høyrer til det andre tæpet; lykkjorne skal svara mot kvarandre. Og femti gullkrokar skal du gjera og hekta åklædetæpi i hop, so det vert eit hus av deim. So skal du veva ryor av geiteragg til tekkja yver huset; elleve ryor skal du veva. Kvar vev skal vera tretti alner lang og fire alner breid; alle dei elleve veverne skal halda same målet. Fem av ryeveverne skal du skøyta i hop til eit tæpe for seg, og dei hine seks til eit anna tæpe, og den sette veven skal du bretta i hop på framsida av taket. 10 I jaren på den fyrste veven, den som er ytst i det eine tæpet, skal du gjera femti lykkjor, og i jaren på den andre skøytingsveven femti lykkjor. 11 Og femti koparkrokar skal du gjera, og hekta deim i lykkjorne, og soleis festa raggetæpi i hop, so det vert eitt tak av deim. 12 Vil du vita kva du skal gjera med det som gjeng av på raggetæpi, so skal helvti av den veven som gjeng av, hanga ned på baksida av huset, 13 og den eine alni på kvar led som raggetæpi er for lange, skal hengjast ned etter båe sideveggjerne, til livd for huset. 14 Yver raggetæpi skal du gjera eit tak av raudlita verskinn, og ovanpå det att eit tak av markuskinn. 15 Veggjerne i huset skal du gjera av akazieplankar. Plankarne skal reisast på ende; 16 dei skal vera ti alner lange og halvonnor aln breide, 17 og på kvar av deim skal det vera tvo tappar med ei tverlist imillom. So skal du gjera med alle plankarne i huset. 18 Tjuge av dei plankarne du gjer til huset, skal du reisa på solsida, mot sud. 19 Og fyrti sylvstabbar skal du gjera og setja under dei tjuge plankarne, tvo under kvar planke, til å festa båe tapparne i. 20 På den andre sida av huset, på nordsida, skal det og vera tjuge plankar, 21 med sine fyrti sylvstabbar, tvo under kvar planke. 22 Til baksida av huset, mot vest, skal du gjera seks plankar, 23 og til hyrno på den same sida tvo plankar; 24 dei skal vera tviluta alt nedantil, og båe luterne skal halda fullt mål heilt upp åt taket, til den fyrste ringen; so skal dei vera laga båe tvo; dei skal standa i kvar sitt hyrna. 25 Soleis vert det på baksida åtte plankar med sylvstabbarne sine, tvo under kvar planke. 26 So skal du gjera tverstokkar av akazietre, fem til den eine langveggen på huset, 27 og fem til den andre langveggen, og fem til tverveggen på baksida av huset, mot vest. 28 Midtstokken, den som er midt på plankeveggen, skal ganga langs etter heile veggen, frå ende til ende. 29 Plankarne skal du klæda med gull, og ringarne på deim som tverstokkarne ligg i, skal du gjera heiltupp av gull; tverrstokkarne skal du og gullklæda. 30 Du lyt setja upp huset på rette gjerdi, soleis som det vart synt deg på fjellet. 31 So skal du gjera eit forheng av purpur og skarlak og karmesin og kvitt tvinna lingarn; væne englebilæte skal vera innvovne i det. 32 Du skal festa det til fire gullklædde akaziestolpar, som det er gullhakar på, og som stend på fire sylvstabbar, 33 og so skal du hengja det upp etter krokarne. Innanfor forhenget skal du setja lovtavlekista; og forhenget skal for dykk vera skilnaden millom det heilage og det heilagste romet. 34 So skal du leggja loket på lovtavlekista, der ho stend i det heilagste romet. 35 Bordet skal du setja utanfor forhenget, og ljosestaken midt imot bordet, innmed den søre veggen i huset; for bordet skal du setja innåt nordveggen. 36 Til døri på tjeldet skal du gjera eit tæpe av purpur og skarlak og karmesin og kvitt tvinna lingarn. Det skal vera utsauma med rosor. 37 Du skal gjera fem akaziestolpar til det, og deim skal du gullklæda; dei skal hava hakar av gull, og du skal støypa fem koparstabbar til deim.
Copyright information for NorSMB