Exodus 27

Altaret skal du gjera av akazietre, fem alner langt og fem alner breidt: firkanta skal altaret vera, og tri alner høgt. På kvart av dei fire hyrno skal du gjera eit horn, og horni skal vera i eitt med altaret. Heile altaret skal du klæda med kopar. Sidan skal du gjera dei oskefati som høyrer til, og eldskuflerne og blodbollarne og steikjespiti og glodpannorne; alle desse gognerne skal du gjera av kopar. So skal du laga ei kopargrind til altaret, på gjerd som eit net. På den grindi skal du gjera fire koparringar, ein i kvart hyrna, og so skal du setja henne under altarskori, nedantil, so ho rekk midt uppå altaret. So skal du gjera stenger til altaret. Dei skal vera av akazietre, og du skal klæda deim med kopar; dei skal smøygjast inn i ringarne, so dei er på båe sidor av altaret, når det vert bore. Altaret skal du gjera av bord; det skal vera holt. Som det vart synt deg på fjellet, so skal det gjerast. So skal du gjera eit tun kring huset, og det skal vera innegjerdt. På solsida, mot sud, skal du setja ein gard av kvitt linlereft; han skal vera hundrad alner lang på den sida. 10 Stolparne i garden og stabbarne dei stend på, skal vera av kopar og tjuge i talet; men hakarne og teinarne som høyrer til, skal vera av sylv. 11 Sameleis på den nørdre langsida ein lereftsgard som er hundrad alner langt, med tjuge stolpar og stabbar av kopar og hakar og teinar av sylv. 12 På den eine tversida av tunet, mot vest, skal du setja ein lereftsgard på femti alner; i den skal det vera ti stolpar, og under deim ti stabbar. 13 På den andre tversida, den som snur frametter, mot aust, skal tunet og halda femti alner på breiddi: 14 Femtan alner lereftsgard skal det vera på den eine ledi, med tri stolpar og stabbarne som høyrer til, 15 og på den andre leidi og femtan alner lereftsgard og tri stolpar med kvar sin stabbe; 16 og i tunporten skal det vera eit tæpe av purpur og skarlak og karmesin og kvitt tvinna lingarn, tjuge alner breidt og utsauma med rosor; stolparne som det skal festast til og stabbarne dei stend på, skal vera fire i talet. 17 Alle stolparne i garden skal vera bundne i hop med sylvteinar; hakarne på deim skal vera av sylv, og stabbarne under deim av kopar. 18 Lengdi på tunet skal vera hundrad alner, og breiddi på båe sidor femti alner. Garden skal vera av kvitt linlereft, og fem alner høgt. Stabbarne til honom skal vera av kopar. 19 Alle arbeidsgognerne i huset, og alle pålarne både til huset og garden skal vera av kopar. 20 Seg no du til Israels-folket at dei skal gjeva deg skir olje av sundstøytte oljeber til ljosestaken, so lamporne kann setjast upp til kvar tid. 21 I møtetjeldet, utanfor tæpet som heng attfor lovtavlorne, skal Aron og sønerne hans stella lamporne, so dei kann lysa for Herrens åsyn frå kveld til morgon; det skal vera ei fast sed hjå Israels-folket, ætt etter ætt, i all æva.
Copyright information for NorSMB