Exodus 31

Og Herren tala atter til Moses, og sagde: «Sjå no hev eg kåra og kalla Besalel, son åt Uri Hursson, av Juda-ætti, og fyllt han med guddomsånd, med kunstgivnad og vit og kunnskap og godt lag til alt handverk, so han kann skapa kunstverk og smida deim ut både i gull og i sylv og i kopar, og ferda til glimesteinarne som skal fellast inn, og skjera ut i tre, og greida allslags kunstarbeid. Og til hjelpesmann hev eg gjeve honom Åhåliab, son åt Akhisamak av Dans-ætti, og i alle hage menner hev eg lagt kunstnargåva, so dei kann laga alt det eg hev sagt deg: møtetjeldet og kista til lovtavlorne, og loket som skal leggjast på henne, og all husbunaden i tjeldet, bordet med alt som til det høyrer, og gull-ljosestaken med alt det som høyrer til den, og røykjelsealtaret, og brennofferaltaret med alt som høyrer attåt, og balja med foten under, 10 og embætsskrudet, og den heilage klædebunaden åt Aron, presten, og messeklædi åt sønerne hans, 11 og salvingsoljen og den angande røykjelsen til heilagdomen. Dette skal dei i eitt og alt gjera so som eg hev sagt deg.» 12 Og Herren tala endå meir til Moses, og sagde: 13 «Tala du til Israels-folket og seg: «Gløym no ikkje å høgtida helgarne mine! For det skal vera eit merke på sambandet vårt i alder og æva, so de skal vita at det er eg, Herren, som helgar dykk. 14 Di skal de høgtida kviledagen; han skal vera dykk heilag. Den som vanhelgar honom, skal visst og sant lata livet; kvar mann som då gjer noko arbeid, han skal rydjast ut or ætti si. 15 Seks dagar lyt de arbeida og vera onnuge, men den sjuande dagen skal vera ein heilag kviledag, vigd åt Herren. Kvar den som hev noko arbeid fyre seg på um helgi, skal døy. 16 So skal då Israels-folket koma i hug kviledagen, og halda honom heilag, ætt etter ætt i all æva; 17 det skal vera eit ævelegt merke på sambandet millom meg og Israels-folket. For i seks dagar skapte Herren himmelen og jordi, men den sjuande dagen heldt seg roleg og kvilde.»» 18 Då han hadde tala til endes med Moses på Sinaifjellet, gav han honom dei tvo lovtavlorne; det var steintavlor som Gud hadde skrive på med fingeren sin.
Copyright information for NorSMB