Exodus 32

Då folket såg at Moses drygde med å koma ned av fjellet, so flokka dei seg um Aron, og sagde med han: «Kom, gjer oss ein gud som kann ganga framfyre oss! For me veit ikkje kvar det hev vorte av denne Moses, som fylgde oss ut or Egyptarland.» Då sagde Aron til deim: «Tak gullringarne som konorne og sønerne og døtterne dykkar hev i øyro, og kom til meg med deim!» Då reiv alt folket gullringarne or øyro sine, og kom til Aron med deim. Og Aron tok imot gullet, og støypte det um, og laga det med beitelen, so det vart som ein kalv. Då ropa dei: «Dette er guden din, Israel, han som fylgde deg ut or Egyptarland!» Då Aron såg det, bygde han eit altar for honom, og ropa ut: «I morgon er det høgtid for Herren!» Dagen etter reis folket upp i otta, og ofra brennoffer, og bar fram takkoffer; sidan sette dei seg til å eta og drikka, og stod so upp att og gav seg til å leika. Då sagde Herren til Moses: «Skunda deg og gakk ned att! Folket ditt, som du fylgde ut or Egyptarland, hev fare stygt åt. Dei var snøgge til å taka utav den vegen eg sagde dei skulde fylgja. No hev dei støypt seg ein gullkalv; den legg dei seg på kne for og ofrar til honom og ropar: «Dette er guden din, Israel, han som førde deg ut or Egyptarland!» «Eg hev havt auga med dette folket,» sagde Herren til Moses, «og set at det er eit hardkyndt folk. 10 Lat meg no få råda, so vil eg sleppa harmen min laus, og gjera ende på deim, og sidan vil eg gjera deg til eit stort folk.» 11 Men Moses freista å blidka Herren sin Gud og sagde: «Herre, kvi vil du sleppa harmen din laus imot folket ditt, som du hev henta ut or Egyptarlandet med di store magt og di sterke hand?» 12 Skal då egyptarane få det å segja: «Det var ikkje for det gode han fylgde deim ut or landet; han vilde drepa deim i fjelli og rydja deim or verdi»? Døyv harmen som brenn i deg, og legg ned hemntankarne mot folket ditt. 13 Kom i hug det du lova Abraham og Isak og Israel, tenarane dine, då du svor ved deg sjølv: «Eg vil auka ætti dykkar, so ho vert som stjernorne på himmelen, og heile dette landet som eg hev tala um, det vil eg gjeva etterkomarane dykkar; og dei skal eiga det i all æva.»» 14 Då angra Herren at han hadde lova folket sitt vondt. 15 So gjekk Moses ned att av fjellet, og i handi hadde han dei tvo lovtavlorne, tavlor som var fullskrivne på båe sidor; alle stader var det skrive på deim. 16 Og tavlorne dei var Guds eige arbeid, og skrifti ho var Guds eigi skrift, som var inngravi på tavlorne. 17 Då Josva høyrde omen av folket som stima og ståka, so sagde han med Moses: «Eg høyrer stridsljod i lægret.» 18 «Dette er ikkje fagnadrop frå folk som vinn, og ikkje vådeskrik frå folk som fell; for meg lydest det som mangrøysta song,» svara Moses. 19 Då dei kom næmare innåt lægret og fekk sjå gullkalven og dansarflokkarne, då vart Moses so harm, at han kasta tavlorne frå seg nedunder fjellet og slo deim sund. 20 Og han tok kalven som dei hadde gjort, og kasta honom på elden og mulde honom i smått, og strådde dusti på vatnet, og det let han Israels-folket drikka av. 21 So sagde han med Aron: «Kva vondt hev dette folket gjort deg, sidan du laut føra deim upp i so stor ei synd?» 22 «Ver ikkje vreid på meg, herre bror!» svara Aron. «Du veit kor gjenomvondt det er, dette folket. 23 Dei sagde med meg: «Gjer oss ein gud som kann ganga framfyre oss! For me veit ikkje kvar det hev vorte av denne Moses, han som fylgde oss ut or Egyptarland.» 24 Då sagde eg til deim: «Den som hev noko gull på seg, lyt taka det av seg!» So gav dei meg gullet, og eg kasta det i elden; då kom denne kalven fram.» 25 Då Moses såg at folket var agelaust - for Aron hadde mist agen yver deim, til spott for fiendarne - 26 so gjekk han fram i lægerporten, og ropa: «Hit til meg alle Herrens menner!» Då flokka heile Levi-ætti seg um honom, 27 og han sagde til deim: «So segjer Herren, Israels Gud: «Spenn sverdet på dykk, alle mann! Gakk att og fram i lægret, frå port til port, og hogg ned for fote, både brør og vener og frendar!»» 28 Levi-sønerne gjorde som Moses sagde, og den dagen fall det av folket ikring tri tusund mann. 29 For Moses sagde: «I dag lyt de vigja dykk åt Herren, um det so er med blodet av sønerne og brørne dykkar; so skal han i dag gjeva dykk si velsigning!» 30 Dagen etter sagde Moses med folket: «De hev gjort ei stor synd. No vil eg stiga upp til Herren og beda um nåde for dykk.» 31 So gjekk Moses attende til Herren og sagde: «Ai ei, dette folket hev gjort ei stor synd: dei hev laga seg ein gud av gull. 32 Å gjev du kunde gløyma syndi deira! Kann du ikkje, so strjuk meg ut or boki di som du skriv i!» 33 Då sagde Herren til Moses: «Den som syndar mot meg, honom stryk eg ut or boki mi. 34 Gakk no du, og fylg folket dit som eg hev sagt deg! Sjå, engelen min skal ganga framfyre deg. Men når min time kjem, vil eg heimsøkja deim for syndi deira.» 35 Og Herren førde ulukka yver folket for di dei hadde gjort kalven, den som Aron laga åt deim.
Copyright information for NorSMB