Exodus 40

Då tala Herren til Moses, og sagde: «Den fyrste dagen i den fyrste månaden skal du reisa møtetjeldhuset. Der skal du setja lovtavlekista, og hengja forhenget attfor kista. So skal du setja inn bordet, og på det skal du skipa det som på det skal vera. Og du skal bera inn ljosestaken, og setja upp lamporne på honom. Det gullklædde røykjelsesaltaret skal du setja framanfor lovtavlekista, og so skal du hengja upp dørtæpet i husdøri. Brennofferaltaret skal du setja framanfor døri til møtetjeldhuset, og balja skal du setja millom møtetjeldet og altaret, og hava vatn upp i henne, og so skal du setja upp garden kring tunet, og hengja upp tæpet i tunporten. Sidan skal du taka salvingsoljen, og salva huset og alt som i det er, og vigsla både huset og all bunaden i det, so det vert heilagt. 10 Og du skal salva brennofferaltaret og alt det som til høyrer, og vigsla altaret, og då skal altaret vera høgheilagt. 11 Og du skal salva balja og foten ho stend på og vigsla henne. 12 So skal du kalla Aron og sønerne hans burtåt møtetjelddøri, og två deim med vatn, 13 og du skal klæda Aron i den heilage klædebunaden, og salva honom og vigsla honom, og so skal han vera prest for meg. 14 Og sønerne hans skal du og kalla fram og klæda deim med underkjolar, 15 og salva deim, liksom du salva far deira, so dei kann vera prestar for meg, og salvingi skal gjeva deim retten til preste-embættet, mann etter mann, i all æva.» 16 Og Moses gjorde so: han gjorde i alle måtar som Herren sagde honom fyre. 17 Den fyrste månaden av det andre året, den fyrste dagen i månaden, var det at huset vart reist. 18 Då reiste Moses huset: han sette ned stabbarne og reiste upp plankarne, lagde inn tverstokkarne og sette upp stolparne, 19 so spana han ut tjeldet yver huset, og lagde tjeldtaket ovanpå, alt soleis som Herren hadde sagt Moses fyre. 20 So tok han og lagde lovtavlorne ned i kista, og sette stengerne i, og sette loket yver kista. 21 Og kista sette han inn i gudshuset, og feste upp forhengtæpet, so det hekk attfor lovtavlekista, alt soleis som Herren hadde sagt Moses fyre. 22 So sette han bordet i møtetjeldet, innåt nørdre husveggen, utanfor forhenget, 23 og skipa brødi i rader på det for Herrens andlit, alt soleis som Herren hadde sagt Moses fyre. 24 Ljosestaken sette han og i møtetjeldet, midt for bordet, innmed søre husveggen, 25 og sette upp lamporne for Herrens åsyn, alt soleis som Herren hadde sagt Moses fyre. 26 Gullaltaret og sette han i møtetjeldet, framanfor forhenget, 27 og brende angande røykjelse på det, alt soleis som Herren hadde sagt Moses fyre. 28 So hengde han upp dørtæpet, 29 og sette brennofferaltaret frammed døri til møtetjeldhuset, og ofra brennoffer og grjonoffer på det, alt soleis som Herren hadde sagt Moses fyre. 30 Balja sette han millom møtetjeldet og altaret, og hadde vatn i henne som dei skulde två seg med, 31 og Moses og Aron og sønerne hans tok av vatnet og tvo hender og føter; 32 kvar gong dei gjekk inn i møtetjeldet eller fram åt altaret, so tvo dei seg, alt soleis som Herren hadde sagt Moses fyre. 33 So sette han upp garden kringum huset og altaret, og hengde upp tæpet i tunporten, og so var Moses ferdig med verket. 34 Då sveipte skyi seg kringum møtetjeldet, og herlegdomen åt Herren fyllte huset. 35 Og Moses kunde ikkje koma inn i møtetjeldet, av di at skyi låg yver tjeldet, og herlegdomen åt Herren fyllte huset. 36 Og kvar gong skyi lyfte seg ifrå gudshuset, tok Israels-folket ut; so gjorde dei på alle ferderne sine. 37 Men når skyi ikkje lyfte seg, so tok dei ikkje ut, men drygde til den dagen ho lyfte seg att. 38 For Herrens sky låg yver huset um dagen, og um natti skein ho som eld for augo åt heile Israels-ætti på alle ferderne deira.
Copyright information for NorSMB