Exodus 9

Og Herren sagde til Moses: «Gakk fram for Farao og seg med honom: «So segjer Herren, Hebræarguden: «Lat folket mitt fara, so dei kann tena meg! For meinkar du deim å fara, og held du deim att endå lenger, so skal Herren leggja si hand på feet ditt, som beiter på bøen, både hestar og asen og kamelar og naut og sauer, og søkja deim med ei øgjeleg drepsott. Men Herren skal gjera skil på israelsfeet og egyptarfeet, og det skal ikkje døy noko av det som høyrer Israel til.»»» Og Herren sette tidi og sagde: «I morgon vil Herren lata dette henda i landet.» Dagen etter gjorde Herren som han hadde sagt, og alt egyptarfeet døydde, men av feet åt Israels-folket døydde ikkje eit liv. Og Farao sende bod, og då hadde det ikkje døytt eit einaste liv av israelsfeet. Men Farao sette hardt imot hardt, og meinka folket å fara. Då sagde Herren til Moses og Aron: «Tak henderne fulle med omnsoska, og Moses skal kasta henne upp i veret, so Farao ser på det. Då skal ho verta til dumba og fjuka utyver heile Egyptarland, og av dumba skal det koma ei sott som bryt ut med kaunar på folk og fe i alt Egyptarlandet.» 10 So tok dei oska or masomnen, og steig fram for Farao, og Moses kasta henne upp i veret; då kom det ei kaunsott som braut ut på folk og på fe. 11 Og runemeistrarne orka ikkje å standa framfor Moses for verken skuld; for kaunarne hadde sett seg på runemeistrarne som på alle egyptarane. 12 Men Herren gjorde Farao strid i hugen; og det gjekk som han hadde sagt med Moses: Farao høyrde ikkje på deim. 13 Då sagde Herren til Moses: «Ris tidleg upp i morgon, og stig beint fram for Farao, og seg med honom: «So segjer Herren, Hebræarguden: «Lat folket mitt fara, so dei kann tena meg! 14 For denne gongen vil eg senda alle mine plågor yver deg sjølv og mennerne dine og folket ditt, so du skal sanna at ingen er som eg på heile jordi. 15 No hadde eg alt lyft handi mi, og vilde slege deg og folket ditt med drepsott, og då hadde du vorte utrudd av verdi. 16 Men eg sparde deg, av di eg vilde syna deg magti mi og gjera namnet mitt kunnigt yver all jordi. 17 Endå legg du deg i vegen for folket mitt, og vil ikkje lata deim fara. 18 Sjå, difor vil eg i morgon dette bil senda eit øgjeleg haglver, som det aldri hev vore maken til i Egyptarlandet, frå den dag det vart grunna og til no.»» 19 Send no bod, og berga buskapen din og alt de du hev på marki! Alt som er ute og ikkje kjem seg i hus, anten det er folk eller fe, skal haglet koma yver, og dei skal døy.» 20 Dei av kongsmennerne som hadde age for ordi åt Herren, dei berga då tenarane og buskapen sin i hus. 21 Men dei som ikkje agta på Herrens ord, let både tenarane og buskapen vera ute. 22 Då sagde Herren til Moses: «Rett handi di upp imot himmelen, so skal haglet koma sturtande yver heile Egyptarland, på folk og på fe og på kvart strå som på marki veks i Egyptarlandet.» 23 So rette Moses staven sin upp imot himmelen. Då sende Herren torever og hagl, og eldingarne for ned til jordi, medan Herren let det hagla yver Egyptarlandet. 24 Haglet kom drusande, og midt i haglflodi gjekk det ljon i ljon. Aldri hadde det vore slikt uver i Egyptarlandet, frå den tid det vart bygt. 25 Og haglet slo ned alt som ute var i heile Egyptarland, både folk og fe, og all grøda på marki slo haglet ned, og kvart tre braut det sund. 26 Men i Gosenlandet, der Israels-folket budde, der gjekk ikkje haglflodi. 27 Då sende Farao bod etter Moses og Aron, og sagde med deim: «Denne gongen hev eg synda. Herren er den som hev rett, og eg og folket mitt me hev urett. 28 Bed til Herren at det må hava ein ende med toreslåtten og haglet, so skal eg lata dykk fara, og de tarv ikkje bia lenger.» 29 «Med same eg kjem ut or byen, skal eg lyfta henderne og beda til Herren,» svara Moses. «Då skal tora halda upp, og haglet driva av, so du skal sanna at jordi høyrer Herren til. 30 Men det veit eg vel at du og mennerne dine endå ikkje hev age for Herren Gud.» 31 Både lin og bygg var nedslege; for bygget stod med aks, og linet med blom. 32 Men kveiten og rugen var ikkje nedslege; for dei årar seinare. 33 Og Moses gjekk burt frå Farao og ut or byen, og lyfte henderne til Herren. Då heldt tora og haglveret upp, og regnet hylja ikkje meir ned på jordi. 34 Men då Farao såg at regnet og haglet og tora hadde stogga, so heldt han på og synda, og herde seg til, både han og mennerne hans. 35 Det gjekk som Herren hadde havt Moses til å segja: Farao var hard som stein, og vilde ikkje lata Israels-folket fara.
Copyright information for NorSMB