Ezekiel 10

Og eg såg, og sjå, på den kvelven som var yver hovudi på kerubarne, var det som ein safirstein, sjåande til på skapnad som ein kongsstol. Ein kunde sjå honom yver deim. Og han sagde med mannen i linklædnaden: «Gakk inn millom hjuli, inn under keruben, og tak nevarne dine fulle med gløder av deim som er millom kerubarne, og strå deim yver byen!» Og han gjekk medan eg såg på. Og kerubarne stod på høgre sida åt huset då mannen gjekk inn, og skyi fyllte den indre fyregarden. Og Herrens herlegdom lyfte seg frå keruben og burt til dørstokken i huset. Og skyi fyllte huset, og glansen av Herrens herlegdom fyllte fyregarden. Og ljomen av kerubvengjerne høyrdest alt til den ytre fyregarden, som røysti åt Gud den allmegtige, når han talar. Og det hende, då han baud mannen i linklædnaden og sagde: «Tak eld av den som er millom hjuli, millom kerubarne,» at han gjekk og stana attmed hjulet. Og keruben rette ut handi si, millom kerubarne, burtåt elden som var millom kerubarne, og tok og lagde i nevarne på honom i linklædnaden. Og han tok imot og gjekk ut. Og under vengjerne på kerubarne kunde ein sjå eitkvart på skap som ei mannshand. Og eg såg, og sjå, det var fire hjul på kerubarne, eitt hjul hjå kvar kerub. Og hjuli var sjåande til som krysolit-stein. 10 Alle fire såg likeins ut, og det var nett som eitt hjul skulde vera inni hitt. 11 Når dei gjekk, gjekk dei til alle fire sidorne; dei snudde seg ikkje når dei gjekk, for til den staden som hovudet snudde, dit gjekk dei; dei snudde seg ikkje når dei gjekk. 12 Og heile deira likam og deira rygg og deira hender og deira vengjer og hjuli var fullsette med augo rundt ikring - dei fire hadde kvar sitt hjul. 13 Hjuli, dei vart kalla «kvervel» so eg høyrde på. 14 Og det var fire andlit på kvar; det fyrste hadde kerub-andlit, og det andre eit mannsandlit, og det tridje eit løve-andlit, og det fjorde eit ørne-andlit. 15 Og kerubarne lyfte seg; det var dei livendi som eg hadde set attmed elvi Kebar. 16 Og når kerubarne gjekk, so gjekk hjuli innmed deim, og når kerubarne lyfte vengjerne sine til å hevja seg upp frå jordi, skilde heller ikkje hjuli seg frå deim. 17 Når livendi stod, so stod dei, og når dei lyfte seg, so lyfte dei seg med deim, for åndi åt livendi var i deim. 18 Og Herrens herlegdom gjekk ut frå dørstokken på huset og stod yver kerubarne. 19 Og kerubarne lyfte vengjerne sine og steig upp frå jordi medan eg såg på, då dei gjekk ut, og hjuli innmed deim. Og dei stana attmed inngangen åt Øystreporten på Herrens hus. Og herlegdomen åt Israels Gud var uppe yver deim. 20 Det var dei same livendi som eg hadde set under Israels Gud burtmed elvi Kebar, og eg skyna at det var kerubar. 21 Og det var fire andlit på kvart eitt av dei fire, og fire vengjer på kvart eit, og eitkvart på skap som mannehender under vengjerne deira. 22 Og skapnaden på andliti deira det var dei andliti som eg hadde set attmed elvi Kebar; soleis såg dei ut, og dei var det. Og kvart eitt av deim gjekk beint fram.
Copyright information for NorSMB