Ezekiel 16

Og Herrens ord kom til meg; han sagde: Menneskjeson! Lat Jerusalem få vita um sin styggedom. Og du skal segja: So segjer Herren, Herren til Jerusalem: Ditt upphav og di ætt er frå Kananitarlandet; far din var ein amorit og mor di ei hetitkvinna. Då du kom til, den dagen du vart fødd, skar dei ikkje navlestrengen din, og ikkje vart du reintvegi med vatn og ikkje gnidi inn med salt og ikkje reiva med reivar. Ikkje eit auga ynka deg, so dei gjorde noko av dette med deg av miskunn imot deg, men du vart kasta på berre marki, av di dei fekk stygg til deg den dagen du vart fødd. Då gjekk eg framum deg og såg deg, der du låg og sprala i ditt blod. Og eg sagde med deg: «Du som ligg der i blodet ditt, liv!» Ja, eg sagde med deg: «Du som ligg der i blodet ditt, liv!» Til mange tusund, som blomar i eng, gjer eg deg. Og du voks og vart stor og nådde den høgste vænleik. Brjosti vart faste, og håret ditt voks. Men du var berr og naki. Då gjekk eg framum deg og såg deg, og sjå, di tid var komi, elskhugstidi. Og eg breidde eg kappa mi yver deg og løynde blygsli di. Og eg svor deg truskapseid og gjorde pakt med deg, segjer Herren, Herren, og du vart mi. Og eg tvo deg i vatn og skylde blodet av deg, og salva deg med olje. 10 Og eg klædde deg i rosesauma ty og hadde på deg skor av markuskinn og batt på deg eit fint hovudlin og sveipte deg i silke. 11 Og eg prydde deg med prydnadsting, og gav deg armband på henderne og kjeda um halsen. 12 Og eg sette ein ring i nosi di og øyreringar i øyro dine og ei fager kruna på hovudet ditt. 13 Og du prydde deg med gull og sylv, og klædnaden din var fint linty og silke og rosesauma ty. Fint mjøl og honning og olje fekk du til mat. Du vart ovende fager, so du vart ei høveleg dronning. 14 Og du vart namngjeti millom folki for din vænleik, for han var fullkomen ved mi pryda som eg hadde butt deg til med, segjer Herren, Herren. 15 Men du leit på din vænleik og dreiv hor i kraft av di namnfrægd, og du auste ut din hordom yver kvar og ein som gjekk framum - han skal få det! 16 Og av klædi dine tok du og gjorde deg spreklute offerhaugar og dreiv hor på deim - slikt må ikkje koma på, ikkje henda. 17 Og du tok dine prydnadsting av gullet mitt og sylvet mitt som eg hadde gjeve deg, og gjorde deg mannsbilæte, og du dreiv hor med deim. 18 Og du tok dine rosesauma klæde og hadde på deim, og min olje og min røykjelse sette du fram åt deim. 19 Og brødet mitt som eg gav deg, finmjølet og oljen og honningen som eg hadde gjeve deg til mat, det sette du fram åt deim til godange; soleis gjekk det, segjer Herren, Herren. 20 Og du tok dine søner og døtter, som du hadde født åt meg, og ofra deim til mat åt deim. Var det då ikkje nok at du dreiv hor, 21 sidan du jamvel slagta borni mine og gav deim burt, med di du let deim ganga gjenom elden for deim? 22 Og i alle dine styggjor og din hordom kom du ikkje i hug dine ungdomsdagar, då du var berr og naki og låg og sprala i ditt blod. 23 So hende etter all din vondskap - usæl, usæl vere du! segjer Herren, Herren - 24 at du bygde deg ein kvelving og gjorde deg ein offerhaug på alle torg. 25 Attmed kvart eit vegemot bygde du din haug og skjemde din vænleik og breidde føterne ut for kvar og ein som gjekk framum, ja, du dreiv mykjen hordom. 26 Og du dreiv hor med Egyptarlands-sønerne, grannarne dine, som hev stort kjøt, og du dreiv mykjen hordom til å harma meg med. 27 Og sjå, eg rette ut mi hand og minka på det eg hadde etla åt deg, og eg let deim som hata deg fara åt med deg som dei vilde, filistardøtterne, som blygdest yver di skjemdaråtferd. 28 Og du dreiv hor med Assurs-sønerne, av di du ikkje hadde fenge ditt nøgje, og du dreiv hor med deim, men endå fekk du ikkje ditt nøgje. 29 Og du for verre fram med din hordom, alt til kræmarlandet Kaldæa, men endå fekk du ikkje ditt nøgje. 30 Å, kor hjarta ditt brann av gir! - segjer Herren, Herren - at du kunde gjera alt dette, og fara åt som den skamlausaste skjøkja 31 og byggja din kvelving attmed kvart eit vegemot og gjera dine haugar på kvart eit torg! Men du var ikkje som ei onnor skjøkja, med di du vanvyrde skjøkjeløn. 32 Du horkona! I staden for med mannen din held du deg med framande! 33 Alle skjøkjor gjev dei gåvor; men du gav alle dine elskarar gåvorne dine og kjøpte deim til å koma til deg frå alle leider og driva hor med deg. 34 Og du vart reint umsnudd imot andre kvende, i din ukjurskap; etter deg laup ingen, men du gav horeløn, du fekk ikkje, so rangsnudd var du. 35 Difor, du skjøkja, høyr Herrens ord! 36 So segjer Herren, Herren: For di du auste ut dine pengar og nækte di skam i din ulivnad med dine elskarar og med alle dine ufysne avgudar, og du spillte blod av dine born, som du gav deim, 37 difor, sjå, so samlar eg alle dine elskarar, som du tektest, og alle som du elska med alle som du hata, og eg vil samla deim imot deg frå alle leider og nækja di skam framfyre deim, og dei skal få sjå all di skam. 38 Og eg vil lata same domen ganga yver deg som yver horkonor og slike som spiller blod, og eg vil gjera deg til eit blodigt offer for brennande harm og åbry. 39 Og eg vil gjeva deg i deira hand, og dei skal riva ned din kvelving, og brjota ned dine haugar, og hava av deg klædi dine, og taka dine dyrverdige prydnadsting, og lata deg liggja der naki og berr. 40 Og dei skal gjera manngard um deg og steina deg i hel og hogga deg sund med sverdi sine. 41 Og dei skal brenna upp dine hus med eld og halda dom yver deg framfor augo på mange kvinnor. Og eg vil gjera ende på din hordom, og heller ikkje skjøkjeløn skal du heretter gjeva. 42 Og eg vil svala min heite harm på deg, og mitt åbry mot deg skal kverva. So vil eg halda meg i ro og ikkje lenger vera vreid. 43 Av di at du ikkje mintest ungdomsdagarne dine, men harma meg med alt dette, sjå, so vil eg og lata di åtferd koma på ditt hovud, segjer Herren, Herren; for hev du ikkje lagt skamløysa attåt alle styggjorne dine? 44 Sjå, alle som brukar ordtøke, skal hava dette til ordtak um deg: «Som mori, so dotteri.» 45 Du er dotter åt mor di, som stygdest ved mannen sin og borni sine, og du er syster åt systerne dine, som stygdest ved mennerne og borni sine: ei hetitkvinna er mor dykkar og ein amorit far dykkar. 46 Og den store syster di er Samaria, og hennar døtter, som bur på vinstre handi åt deg, og den litle syster di, som bur på høgre handi, er Sodoma og hennar døtter. 47 Fulla gjekk du ikkje på deira vegar og gjorde ikkje styggjor som dei; men berre eit lite bil - so for du verre åt enn dei på alle dine vegar. 48 So sant som eg liver, segjer Herren, Herren: Sodoma, syster di, ho og hennar døtter, hev ikkje gjort som du, og dine døtter. 49 Sjå, dette er misgjerningi åt Sodoma, syster di: ovmod; nøgdi med brød og sutlaus ro hadde ho og døtterne hennar; men handi åt armingen og fatigmannen styrkte ho ikkje. 50 Og med storlæte for dei, og dei gjorde skjemdarverk framfor mi åsyn; då rudde eg deim burt, fyrst eg såg det. 51 Og Samaria hev ikkje synda halvt so mykje som du, og du hev gjort dine styggjor fleire enn deira, so du gjorde systerne dine rettferdige med alle styggjor som du for med. 52 Ber då du og di skam, du som hev dømt dine syster orsakande; i dine synder hev du vore skamlausare enn dei, og soleis vart dei rettferdigare enn du. So skulde du blygjast, du og, og bera di skam, med di du gjer systerne dine rettferdige. 53 Men eg vil enda deira utlægd, utlægdi for Sodoma og hennar døtter og utlægdi for Samaria og hennar døtter og utlægdi for dine eigne utlæge midt imillom deim, 54 for at du skal bera di skam og skjemmast av alt det du hev gjort med di du trøystar deim. 55 Og systerne dine, Sodoma og hennar døtter, skal atter verta det dei fordom var, og Samaria og hennar døtter skal atter verta det dei fordom var, og du og dine døtterne skal atter verta det dei fordom var. 56 Var ikkje syster di, Sodoma, eit uord i munnen din i ovmods-dagarne dine, 57 fyrr vondskapen din vart synberr - liksom i den tidi då dei hædde deg, Arams-døtterne og alle der kringum, og filistardøtterne som svivyrde deg rundt ikring? 58 Di skjemd og dine styggjor skal du bera, segjer Herren. 59 For so segjer Herren, Herren: Eg vil fara åt med deg etter di eigi åtferd, du som vanvyrde eiden med di du braut pakti. 60 Men eg vil minnast mi pakt med deg i ungdomsdagarne dine, og eg vil gjera ei ævepakt med deg. 61 Og du skal minnast dine vegar og blygjast, når du tek imot systerne dine, dei som er større enn du, og dei som er mindre enn du, og eg gjev deg deim til døtter, endå at dei ikkje var med i di pakt. 62 Og eg vil gjera mi pakt med deg, og du skal sanna at eg er Herren, 63 for at du skal minnast og blygjast og ikkje lata upp munnen din berre for blygsl, når eg tilgjev deg alt det du hev gjort, segjer Herren, Herren.
Copyright information for NorSMB