Ezekiel 2

Og han sagde med meg: «Menneskjeson! Statt upp på føterne dine so eg kann få tala med deg!» Og det kom ånd i meg med det same han tala med meg, og reiste meg upp på mine føter, og eg lydde på honom som tala til meg. Og han sagde til meg: «Menneskjeson! Eg sender deg til Israels-borni, dei upprørske heidningar som hev gjort upprør imot meg. Dei sjølve og deira feder hev forbrote seg mot meg alt til den dag i dag. Og til borni med dei harde andliti og stive hjarto - eg sender deg til deim. Og du skal segja med deim: «So segjer Herren, Herren.» Og dei, anten dei lyder på eller ikkje - for ei tråssug ætt er dei - so skal dei få vita at ein profet hev vore midt imillom deim. Og du, menneskjeson! Ikkje ottast deim! og ordi deira ottast du ikkje! For tistlar og klunger er hjå deg, og med skorpionar bur du. For ordi deira ottast du ikkje, og for deira åsyn vere du ikkje forfærd! For ei tråssug ætt er dei. Og du skal tala ordi mine til deim, anten dei lyder på eller ikkje, for tråssuge, det er dei. Men du, menneskjeson, lyd på det som eg vil tala til deg! Ver ikkje tråssug som den tråssuge ætti! Lat upp munnen din og et det som eg gjev deg!» Og som eg såg, og sjå, ei hand var rett ut til meg. Og sjå, i den var ein bokrull. 10 Og han rulla honom upp framfor mi åsyn, og han var fullskriven inni og utanpå. Og skrive var det på honom syrgjesongar, sukkar og verop.
Copyright information for NorSMB