Ezekiel 21

Då kom Herrens ord til meg; han sagde: Menneskjeson! Snu di åsyn mot Jerusalem og preika mot heilagdomarne og spå mot Israelslandet! Og du skal segja til Israelslandet: So segjer Herren: Sjå, eg skal finna deg og draga sverdet utor slira og rydja ut or deg rettferdige og ugudleg. Sidan eg vil rydja ut or deg rettferdig og ugudleg, so skal sverdet mitt fara utor slira mot alt kjøt frå sud til nord. Og alt kjøt skal sanna at eg, Herren, hev drege sverdet mitt or slira, det vert innatt-stunge. Og du, menneskjeson, sukka! Du skal sukka framfor augo deira so det knakar i dine lender - i såran sut. Og når dei då segjer med deg: «Kvifor sukkar du?» då skal du segja: «For ei fretnad; for han kjem. Då vil kvart eit hjarta bråna og alle hender siga, og kvar ei ånd dovna og alle kne verta som vatn. Sjå, det kjem, og det hender, segjer Herren, Herren.» Og Herrens ord kom til meg; han sagde: Menneskjeson! Spå og seg: So segjer Herren: Seg: Eit sverd, eit sverd, kvest, ja, blenkt og. 10 Til å halda slagting med er det kvest, og til å blikta som eldingen er det blenkt. Eller skulde me fegnast, du min sons ætt, som vanvyrder alt tre? 11 Og han let det blenkjast til eit handyvle; dette sverdet er kvest og blenkt, med det er etla åt dråpsmanns hand. 12 Ropa og barma deg, menneskjeson! For det er åt mitt folk, det er åt alle fyrstar i Israel; etla åt sverdet er dei med mitt folk. Difor, slå deg på lendi! 13 For prøva er komi, og kven skulde ho råka, um ikkje den ætti som vanvyrder tukt? segjer Herren, Herren. 14 Og du, menneskjeson! Spå og slå i hop henderne! Tvifelt, ja trifelt kjem sverdet: sverdet til å stinga menner, sverd til å stinga den store, det møter deim alle stader. 15 Til eit bliktande sverd sette eg det imot alle portarne deira, so hjarto skal bråna og støytesteinarne verta mange. Å, det er gjort til å ljona, kvest til å slagta med. 16 Tak deg på tak, sverd, hogg til høgre! Snu deg, hogg til vinstre! Kvar so eggi di snur! 17 Då skal eg og slå i hop henderne mine og svala min harm. Eg, Herren, hev tala. 18 Og Herrens ord kom til meg; han sagde: 19 Og du, menneskjeson! Gjer deg tvo vegar som sverdet åt Babel-kongen kann fara fram på! Frå eitt land skal dei ganga ut båe. Laga so til ein vegvisar, laga honom til der vegarne tek av til kvar ein by! 20 Du skal gjera ein veg som sverdet kann fara fram på til Rabba åt Ammons-sønerne, og ein til Juda, inn i Jerusalem, borgbyen. 21 For Babel-kongen stend attmed vegemotet, der som båe vegarne tek til, og driv på med spaning; han rister pilerne, spør husgudarne, skodar på livri. 22 I høgre handi fær han luten «Jerusalem», at han skal setja upp murstangarar, lata upp munnen med tynar-rop, lata herrop ljoma, setja upp murstangarar mot portarne, kasta upp umlægringsvoll, byggja åtaksmurar. 23 Men dei tykkjer det er berre fåfengd spådom; dei hev då lovnadseidar i mengd. Men han minner um misgjerning, so dei skal verta tekne. 24 Difor, so segjer Herren, Herren: Etter di de hev drege dykkar misgjerning fram or gløymsla, med di dykkar brot vert openberra, so dykkar syndar vert synberre i alle dykkar verk - etter di de kjem fram or gløymsla, skal de verta tekne med handi. 25 Og du vanheilage gudløysing, Israels fyrste, din dag er komen når misgjerningi ein gong lyt enda. 26 So segjer Herren, Herren: Tak huva av, lyft kruna ned! Det som er, skal ikkje vera; det låge skal upp, det høge skal ned. 27 I koll, i koll, i koll vil eg støyta det; det skal ikkje vera gjort med det heller - til dess han kjem som retten hev, han som eg vil gjeva det. 28 Og, du menneskjeson, spå og seg: So segjer Herren, Herren um Ammons-sønerne og um deira svivyrding: Og du skal segja: Eit sverd, eit sverd er drege, blenkt til å slagta med, til å tyna, til å ljona, 29 medan dei ser fåfengde syner og spår deg lygn, so du kann verta lagd attmed halsarne åt daudedømde gudløysingar som dagen er komen åt, når misgjerningi ein gong lyt enda. 30 Stikk i slira ditt sverd! På den staden der du er skapt, i det landet du er ætta ifrå, vil eg døma deg. 31 Eg vil renna utyver deg min harm, min vreideloge vil eg blåsa imot deg og gjeva deg i henderne på villmenner, meistrar i tynarverk. 32 Elden skal øyda deg, ditt blod skal verta utrent midt i landet, ingen skal koma deg i meir hug; for eg, Herren, hev tala.
Copyright information for NorSMB