Ezekiel 33

Herrens ord kom til meg; han sagde: Menneskjeson! Tala til landslyden din og seg med deim: Når eg let sverd koma yver eit land, og dei tek utav folket i landet og set honom til vaktmann åt seg, og han ser sverdet koma yver landet og blæs i luren og varar folket, og einkvan høyrer ljomen av luren, men ikkje let seg vara, og sverdet kjem og tek honom burt, då skal blodet hans vera på hans eige hovud; ljomen av luren høyrde han, men let seg ikkje vara, blodet hans skal kome yver honom sjølv; for hadde han late seg vara, so hadde han berga livet. Men um vaktmannen ser sverdet koma og ikkje blæs i luren, og folket ikkje vert vara, og sverdet kjem og tek burt einkvan av deim, då er han burtteken for si misgjerning, men blodet hans vil eg krevja av handi åt vaktmannen. Og, du menneskjeson! Til vaktmann hev eg sett deg åt Israels-lyden. Når du då høyrer eit ord frå min munn, so skal du vara deim åt frå meg. Um eg då segjer med den ugudlege: «Du ugudlege, du skal døy,» og du ikkje talar og varar den ugudlege for hans åtferd, då skal han, den ugudlege, døy for si misgjerning, men blodet hans vil eg krevja av di hand. Men um du hev vara den ugudlege for hans åtferd, at han måtte venda um frå henne, men han vender ikkje um frå si åtferd, då skal han døy for si misgjerning, men du hev berga di sjæl. 10 Og du, menneskjeson! Seg til Israels-lyden: So segjer det: «Våre brot og våre synder tyngjer på oss, og for deim talmast me reint burt; kor kann me då liva?» 11 Seg med deim: So sant som eg liver, segjer Herren, Herren, eg hev ikkje hugnad i det at den ugudlege døyr, men i det at den ugudlege vender um frå si åtferd og liver. Vend um, vend um frå dei vonde vegarne dykkar! For kvi vil de døy, du Israels-lyd? 12 Og du, menneskjeson! Seg med ditt folks born: Rettferdig manns rettferd skal ikkje frelsa honom på hans misgjerds-dag, og ugudleg manns gudløysa skal ikkje fella honom den dagen han vender um frå si gudløysa, og ein rettferdig skal ikkje kunna liva ved si rettferd den dagen han syndar. 13 Når eg segjer med den rettferdige at han skal liva, men han lit på si rettferd og gjer urett, då skal alle hans rettferdige verk verta gløymde, og for sin urett som han gjorde, skal han døy. 14 Og når eg segjer til den ugudlege: «Du skal døy,» og han vender um frå si synd og gjer rett og rettferd, 15 so han, den gudlause, gjev pant attende, kjem att med rana gods, ferdast i livsens bod, so han ikkje gjer urett, då skal han liva, han skal ikkje døy. 16 Alle synderne som han hev gjort, skal vera gløymde. Rett og rettferd hev han gjort, liva skal han. 17 Mitt folks born segjer: «Herrens åtferd er ikkje rett,» endå at det er deira eigi åtferd som ikkje er rett. 18 Når ein rettferdig vender um frå si rettferd og gjer urett, so skal han døy for det. 19 Og når den gudlause vender um frå si gudløyse og gjer rett og rettferd, so skal han få liva for det. 20 Endå segjer de: «Herrens åtferd er ikkje rett.» Eg vil døma dykk kvar etter si åtferd, du Israels-lyd. 21 So hende det i det tolvte året etter me var burtførde, den femte dagen i den tiande månaden, at dei undanslopne frå Jerusalem kom til meg og sagde: «Byen er teken.» 22 Men Herrens hand var komi yver meg um kvelden, fyrr dei undanslopne kom; og han let upp munnen min innan dei kom til meg um morgonen. So var då munnen min upplaten, og eg var ikkje mållaus meir. 23 Og Herrens ord kom til meg; han sagde: 24 Menneskjeson! Dei som bur millom desse røysarne i Israelslandet, dei segjer: «Abraham var berre ein, og han fekk landet til eiga, men me er mange, oss er landet gjeve til eiga.» 25 Seg difor med deim: So segjer Herren, Herren: De et kjøtet med blodet i og retter augo dykkar etter dei ufysne avgudarne dykkar, og renner ut blod - og de skulde eiga landet! 26 De lit på dykkar sverd, de fer med skjemdarverk, og skjemmer konorne åt kvarandre - og de skulde eiga landet? 27 So skal du segja med deim: So segjer Herren, Herren: So sant som eg liver, skal dei som bur millom røysarne falla for sverd, og den som er på marki, gjev eg til mat åt udyri, og dei som held på knausar og i hellerar, skal døy av sott. 28 Og eg vil leggja landet i audn og øyde, og det skal vera ute med ovmodet og magti hjå det, og Israels heidar skal liggja i øyda, so ingen ferdast der. 29 Og dei skal sanna at eg er Herren, når eg legg landet i audn og øyde for alle deira skjemdarverk, som dei hev gjort. 30 Og du, menneskjeson! Ditt folks born talar seg imillom um deg frammed veggjerne og i husdørerne, og segjer med kvarandre, den eine med den andre: «Kom, lat oss høyra kva for eit ord det er som no gjeng ut frå Herren!» 31 Og dei kjem åt deg, nett som eit heilt folk kjem, og set seg framfor di åsyn og læst vera mitt folk og lyder på ordi dine; men dei gjer ikkje etter deim. For det munnen deira likar, det gjer dei, og etter vinning fer deira hjarte. 32 Og sjå, du er som eit elskhugskvæde åt deim, som ein songar med vænt mål og ljuvlegt spel. Og dei lyder på ordi dine, men gjer ikkje etter deim. 33 Men når det kjem - og koma skal det - då skal dei sanna at ein profet hev vore millom deim.
Copyright information for NorSMB