Ezekiel 39

Og du, menneskjeson! Spå mot Gog og seg: So segjer Herren, Herren: Sjå, eg vil finna deg, Gog, fyrste yver Ros, Mesek og Tubal. Og eg vil snu deg um og jaga deg fram og få deg til å koma upp, lengst or Norderland, og lata deg koma upp på Israelsfjelli. Og eg vil slå bogen din utor vinstre handi og lata pilerne dine detta utor høgre handi. På Israelsfjelli skal du falle, du og all herskararne dine og folkeslagi som er med deg. Til rovfuglar av alle slag og til villdyri på marki gjev eg deg til mat. Utyver marki skal du falla; for eg hev tala, segjer Herren, Herren. Og eg vil senda eld på Magog og på dei som bur trygt i øylandi. Og dei skal sanna at eg er Herren. Og mitt heilage namn vil eg gjera kunnigt midt ibland mitt folk Israel, og aldri meir vil eg lata mitt heilage namn verta vanhelga, og folkeslagi skal sanna at eg er Herren, heilag i Israel. Sjå, det kjem, og det hender, segjer Herren, Herren; det er dagen som eg hev tala um. Då skal dei som bur i Israels-byarne ganga ut og gjera upp eld og kveikja upp med herbunader; både med store skjoldar og med små, med bogar og med piler og med stavar og mot spjot. Og med dette til brennefang skal dei elda i sju år. 10 Dei skal ikkje henta ved or marki og ikkje hogga i skogarne, for dei skal elda med herbunaderne. Og dei skal rana sine ransmenner og herja sine herjarar, segjer Herren, Herren. 11 Og det skal henda same dagen, at eg vil gjeva Gog ein gravstad i Israel, Ferdamannsdalen austum havet, og han skal stengja vegen for ferdafolket. Der skal dei gravleggja Gog og heile mannemugen hans, og dei skal kalla det Gogs-muge-dalen. 12 I sju månader skal Israels-lyden jorda deim, det skal vera til å reinsa landet. 13 All landslyden skal jorda deim, og det skal gjera deim namnfræge den dagen eg syner meg herleg, segjer Herren, Herren. 14 Og dei skal velja ut menner som stødt skal fara um i landet og jorda deim som der hadde fare fram, deim som hadde vorte liggjande etter utyver jordi; det skal vera til å reinsa det. Når sju månader er lidne, skal dei taka til med leitingi. 15 Når då yverfararane fer um i landet og fær sjå eit mannebein, skal dei setja upp et merke attmed det til gravarane fær grave det ned i Gogs-muge-dalen. 16 Ogso eit bynamn skal vera Hamona. Soleis skal dei reinsa landet. 17 Og du, menneskjeson! So segjer Herren, Herren: Seg med kvar fljugande fuglen og kvart eit udyr på marki: Samla dykk saman og kom! Sanka dykk frå alle stader til slagtofferet mitt, som eg hev slagta åt dykk, eit stort slagtoffer på Israelsfjelli. Og de skal eta kjøt og drikka blod. 18 Kjøt av kjempor skal de få eta, og blod frå fyrstar på jord skal de få drikka; verar, lamb og bukkar og uksar, gjødde i Basan alle i hop. 19 De skal få eta feitt til de vert mette, og drikka blod til det vert drukne, av slagtofferet mitt som eg slagtar åt dykk. 20 Og de skal verta mette ved mitt bord med ridehestar og vognhestar, med kjempor og hermenner av alle slag, segjer Herren, Herren. 21 Og eg vil syna mitt storvelde millom folki, og alle folki skal sjå min dom, som eg hev halde, og mi hand, som eg hev lagt på deim. 22 Og Israels-lyden skal sanna at eg er Herren, deira Gud, frå den dagen og framleides. 23 Og folkeslagi skal skyna at det var for sine misgjerningar Israels-lyden vart burtførd, for di dei for med svik imot meg, so eg laut løyna mi åsyn for deim og gjeva deim i fiendehand, so dei fall for sverd alle saman. 24 Etter deira ureinskap og misgjerningar for eg fram imot deim og løynde mi åsyn for deim. 25 Difor, so segjer Herren, Herren: No vil eg enda Jakobs fangetid og miskunna all Israels-lyden, og eg vil vera ihuga for mitt heilage namn. 26 Og dei skal bera si skjemsla og all si utrue framferd mot meg, når dei bur trygt i landet sitt, og ingen skræmer deim. 27 Når eg fører deim tilbake frå folkeslagi og sankar deim or fiendelandi og helgar meg på deim for augo på dei mange folk, 28 då skal dei sanna at eg er Herren, deira Gud, med di at eg førde deim burt til folkeslagi, men samlar deim no inn i deira eige land og ikkje leiver ein einaste av deim etter meg der. 29 So vil eg aldri meir løyna mi åsyn for deim, for eg hev rent ut min ande yver Israels-lyden, segjer Herren, Herren.
Copyright information for NorSMB