Ezekiel 42

So let han meg ganga ut i den ytre fyregarden den vegen som gjekk nordetter. Og han let meg koma til den kovebygnaden som låg midt framfor det fråskilde tunet og beint imot bygnaden i nord, til langsida som var på hundrad alner, med inngang i nord, men breiddi var femti alner. Beint imot eit stykke på tjuge alner av den indre fyregarden og midt framfor steingolvet i den ytre fyregarden, var det sval mot sval i tri høgder. Og framanfor kovarne var det ein ti alner breid gang innetter, ein veg på ei aln; og dørerne deira snudde i nord. Og dei øvste kovarne var dei minste, for svalerne tok burt meir rom frå deim enn frå dei nedste og dei millomste i bygnaden. For dei låg i tri høgder, men hadde ikkje stolpar so som dei i fyregarden; difor smalkast det meir for dei øvste kovarne enn for dei nedste og millomste, frå jordi og uppetter. Og ein mur som var utanfor, frammed kovarne, imot den ytre fyregarden, gjekk framanfor kovarne. Han var femti alner lang. For lengdi på dei kovarne som låg imot den ytre fyregarden, var femti alner, men sjå, mot templet: hundrad alner. Og nedunder desse kovarne var inngangen mot aust, når ein gjekk inn i deim frå den ytre fyregarden. 10 Der fyregardsmuren imot aust var på det tjukkaste, framanfor det fråskilde tunet og framanfor bygnaden, var det kovar. 11 Og ein veg gjekk framanfor deim. Dei såg ut som dei kovarne som låg mot nord, like lange og like breide; likeins alle utgangar og tilskipnader elles og dørgap. 12 Og likeins dørerne på dei kovarne som låg mot sud; det var ei dør der som vegen tok til, vegen frammed den muren som høyrde til, vegen austetter når ein gjekk inn i deim. 13 So sagde han med meg: «Kovarne mot nord og kovarne mot sud, som ligg innmed det fråskilde tunet, dei er heilage kovar, der prestarne som er nær Herren skal eta det høgheilage. Der skal dei leggja det høgheilage, både grjonofferet og syndofferet og skuldofferet, for staden er heilag. 14 Når prestarne gjeng inn, so skal dei ikkje ganga ut att or heilagdomen og ut i den ytre fyregarden, men der skal dei leggja av seg klædi som dei hev gjort tenesta i, for dei er heilage. Dei skal taka på seg andre klæde og so ganga dit der folket må vera.» 15 Og då han hadde gjort mælingi frå seg i det indre huset, fylgde han meg ut gjenom den porten som hadde framsida mot aust, og der mælte han rundt ikring. 16 Han mælte austsida med mælestongi: fem hundrad stenger etter mælestongi rundt ikring. 17 Han mælte nordsida: fem hundrad stenger etter mælestongi rundt ikring. 18 Sudsida mælte han: fem hundrad stenger etter mælestong. 19 Han snudde og gjekk mot vestsida; han mælte fem hundrad stenger etter mælestong. 20 På dei fire sidorne mælte han det. Det hadde ein mur rundt ikring: fem hundrad stenger lang og fem hundrad breid, til å skilja det heilage frå det som var uhelga.
Copyright information for NorSMB