Ezekiel 44

So let han meg koma tilbake til den ytre porten åt heilagdomen, den som snudde i aust, og han var attlaten. Og Herren sagde med meg: «Denne porten skal vera attlaten og ikkje verta opna, og ingen skal ganga inn igjenom honom; for Herren, Israels Gud, hev gjenge inn igjenom honom, difor skal han vera attlaten. Men fyrsten, han er fyrste, han kann sitja der og eta brød framfor Herrens åsyn. Han skal ganga inn vegen til forhalli i porten, og same vegen skal han ganga ut att.» So let han meg koma gjenom nordporten og fram for huset. Og eg såg, og sjå, Herrens herlegdom fyllte Herrens hus. Og eg fall å gruve på mitt andlit. Då sagde Herren med meg: «Menneskjeson! Legg deg på hjarta og sjå med augo dine og lyd etter med øyro dine alt det som eg segjer med deg um alle fyresegnerne og loverne um Herrens hus. Og du må hugfesta inngangen til huset og alle utgangarne frå heilagdomen. Og du skal segja med dei tråssuge, med Israels-lyden: So segjer Herren, Herren: No lyt det vera nok med all styggedomen dykkar, du Israels-lyd, at de let framande, u-umskore på hjarta og u-umskore på kjøt koma inn i heilagdomen min, og vera der til å vanhelga huset mitt, når de ofra brødet mitt, feita og blod. Soleis braut dei pakti mi, attåt alle hine styggjorne dykkar. Og de hev ikkje sjølve greidt med tenesta i heilagdomarne mine, men de sette andre i staden for dykk til å gjera tenesta i heilagdomen min. So segjer Herren, Herren: Ingen framand med u-umskore hjarta og u-umskore kjøt skal koma inn i min heilagdom, ingen av alle dei framande som bur millom Israels-borni. 10 Men dei levitarne som gjekk burt ifrå meg, då Israel for vilt, og villa seg burt ifrå meg etter dei ufysne avgudarne sine, skal bera si misgjerning, 11 og i heilagdomen min skal dei gjera vakttenesta ved portarne og likeins tenesta i huset; dei skal slagta brennofferet og slagtofferet åt folket, og dei skal standa framfor deira åsyn og tena deim. 12 Etter di dei tente deim framfor dei ufysne avgudarne deira og var støytestein til misgjerning for Israels-lyden, difor hev eg lyft mi hand imot deim, segjer Herren, Herren, og dei skal bera si misgjerning. 13 Og dei skal ikkje koma meg nær til å gjera prestetenesta framfyre meg og ikkje koma nær noko av alle mine heilage ting, dei høgheilage tingi; men dei skal bera skammi si og skjemdarverki som dei hev gjort. 14 Og eg vil setja deim til å greida med tenesta i huset, med alt tenar-arbeidet i det og alt som der er å gjera. 15 Men dei levitiske prestarne, Sadoks-sønerne, som greidde med tenesta i heilagdomen min då Israels-borni villa seg burt ifrå meg, dei skal koma nær til meg og tena meg, og dei skal standa framfor mi åsyn og ofra åt meg feita og blod, segjer Herren, Herren. 16 Dei skal ganga inn i min heilagdom, og dei skal koma inn åt mitt bord og tena meg, og dei skal greida med mi tenesta. 17 Når dei då kjem inn i portarne åt den indre fyregarden, skal dei klæda seg i linklæde, det må ikkje koma ullan på deim når dei tener i portarne åt den indre fyregarden og inni huset. 18 Linhuvor skal dei hava på hovudet og linbrøker um mjødmarne sine; dei skal vera umgyrde med noko som veld sveite. 19 Og når dei gjeng ut i den ytre fyregarden, til folket i den ytre fyregarden, skal dei hava av seg dei klædi som dei hev gjort tenesta i, og leggja deim i dei heilage kovarne, og dei skal taka på seg andre klæde, so dei ikkje skal helga folket med klædi sine. 20 Og dei skal ikkje raka hovudet, men ikkje heller lata håret veksa som det vil; dei skal klyppa håret sitt. 21 Og vin skal ingen av prestarne drikka, når dei gjeng inn i den indre fyregarden. 22 Enkja eller fråskild kvinna skal dei ikkje taka til kona, men møyar, ætta frå Israels-lyden. Men ei enkja som er enkja etter prest, kann det taka. 23 Og dei skal læra folket mitt å skilja millom heilagt og vanheilagt, og kunngjera deim skilnaden på ureint og reint. 24 Og i rettssaker skal dei standa fram og døma; etter mine fyresegner skal dei døma i deim. Og mine lover og fyresegner skal dei halda på alle mine høgtider, og kviledagarne mine skal dei halda heilage. 25 Og til eit lik skal ingen av deim ganga inn, so han vert urein; einast for far og for mor og for son og for dotter, for bror, og for syster som ikkje hev havt mann, kann dei gjera seg ureine soleis. 26 Og etter reinsingi hans, skal dei telja sju dagar for honom. 27 Og den dagen han gjeng inn i heilagdomen, i den indre fyregarden, og tener i heilagdomen, skal han ofra syndofferet sitt, segjer Herren, Herren. 28 Og det skal vera arvluten deira: Eg vil vera arvluten deira. Og nokor eiga skal de ikkje gjeva deim i Israel; eg er deira eiga. 29 Grjonofferet og syndofferet og skuldofferet, deim skal dei eta, og alt som er bannlyst i Israel, skal høyra deim til. 30 Det aller fyrste av allslags grøda og alle offergåvor av alle slag skal vera åt prestarne. Og det fyrste gropet de mel, skal de gjeva presten, so velsigning må koma yver huset ditt. 31 Noko sjølvdaudt eller ihelrive av fugl eller fe må ikkje prestarne eta.
Copyright information for NorSMB