Ezekiel 45

Og når de lutar ut landet til odel, so skal de gjeva ei gåva åt Herren, ein heilag-lut av landet, fem og tjuge tusund på lengdi og ti tusund på breiddi. Det skal vera heilagt i all si vidd rundt ikring. Av dette skal det vera åt heilagdomen fem hundrad på lengd og fem hundrad på breidd, i ein firkant rundt ikring. Og til utmark rundt kringum det femti alner. Soleis skal du etter dette målet mæla fem og tjuge tusund på lengdi og ti tusund på breiddi, og i det skal heilagdomen, det høgheilage, vera. Det er ein heilag-lut av landet. Han skal vera åt prestarne som gjer tenesta i heilagdomen, dei som fær koma nær til Herren og tena honom. Det skal vera til hustufter åt deim og til heilag-tufter åt heilagdomen. Og fem og tjuge tusund på lengdi og ti tusund på breiddi skal vera åt levitarne, tenarane i huset. Til eiga skal dei hava tjuge gardar. Og til eiga åt byen skal de gjeva fem tusund på breiddi og fem og tjuge tusund på lengdi, jamsides med luten åt heilagdomen; det skal vera åt Israels-lyden. Og fyrsten skal hava sin lut på båe sidorne åt heilagdoms-luten og by-eigedomen, frammed heilagdoms-luten og by-eigedomen, på vestsida vestetter, og på austsida, austetter, og han skal vera jamlang med ein arvlut åt ei ætt, frå grensa åt havet til austgrensa. Dette skal han hava til land, til eiga i Israel. Og fyrstarne mine skal aldri meir tyngja folket mitt, men lata Israels-lyden hava landet som det vert etla åt ætterne. So segjer Herren, Herren: No lyt det vera nok, de fyrstar i Israel! Få burt vald og trælking, og gjer rett og rettferd! Haldt upp med å driva folket mitt frå gard og grunn! segjer Herren, Herren. 10 Rett vegt og rett efa og rett bat skal de hava. 11 Ein efa og ein bat skal vera like store, so ein bat er tiandeparten av ein homer og ein efa tiandeparten av ein homer; etter homeren skal deira mål vera. 12 Ein sekel skal vera tjuge gera. Tjuge seklar, fem og tjuge seklar, femtan seklar, det skal vera ei mina hjå dykk. 13 Dette er den reida de skal gjeva: setteparten av ein efa av kvar homer kveite, og likeins skal de gjeva setteparten av ein efa av kvar homer bygg. 14 Og den visse reida av olje, rekna i bat: tiandeparten av ein bat av kvar kor - som er ti bat eller ein homer, for ein homer er ti bat - 15 og av småfeet eitt lamb av tvo hundrad frå det vatsrike beitelandet i Israel til grjonoffer og til brennoffer og takkoffer, til å gjera soning for deim, segjer Herren, Herren. 16 All landslyden skal vera skuldig til denne reida åt fyrsten i Israel. 17 Men fyrsten skal hava den skyldnaden: å leggja til brennofferi og grjonofferet og drykkofferet i helgarne og på nymånedagarne og på kviledagarne, på alle høgtiderne hjå Israels-lyden. Han skal greida med syndofferet og grjonofferet og takkofferi til å gjera soning for Israels-lyden. 18 So segjer Herren, Herren: Den fyrste dagen i fyrste månaden skal du taka ein lytelaus ungukse og reinsa heilagdomen frå synd. 19 Og presten skal taka noko av syndofferblodet og strjuka på dørskierne i huset og på dei fire hyrno på altarskori og på dørskierne i porten åt den indre fyregarden. 20 Og likeins skal du gjera den sjuande dagen i månaden for den som hev synda uviljande eller av fåkunna. Og de skal gjera soning for huset. 21 Den fjortande dagen i fyrste månaden skal de halda påskehelg. I høgtidi, i sju dagar, skal de eta usyrt brød. 22 Den same dagen skal fyrsten ofra ein ukse til syndoffer for seg og for all landslyden. 23 Og dei sju høgtidsdagarne skal han ofra åt Herren eit brennoffer: sju lytelause uksar og sju lytelause verar kvar dag i dei sju dagarne, og til syndoffer ein bukk kvar dag. 24 Og til grjonoffer skal han ofra ein efa med kvar ukse og ein efa med kvar ver og ein åttung olje med kvar efa. 25 Den femtande dagen i sjuande månaden, på høgtidi, skal han gjera likeins både syndofferet og med brennofferet og med grjonofferet og oljen i sju dagar.
Copyright information for NorSMB