Ezekiel 47

So let han meg tilbake til inngangen åt huset. Og sjå, det kom vatn ut under dørstokken på huset mot aust, for framsida på huset snudde i aust. Og vatnet rann ned frå høgre sida på huset sunnanfor altaret. Sidan let han meg ganga ut gjenom nordporten og fylgde meg ikring utanfor til ytreporten, den porten som snur austetter. Og sjå, det kom vatn vellande fram undan høgresida. Mannen gjekk no austetter med mælesnor i handi og mælte tusund alner. Og han hadde meg til å vada yver vatnet, vatn til okleleden. So mælte han endå tusund alner til og hadde meg til å vada yver vatnet, vatn til knes. So mælte han endå tusund alner og hadde meg til å vada yver vatnet; det gjekk då upp til lenderne. So mælte han endå tusund alner, og no var det ei å som eg ikkje kunde vada. For vatnet hadde vakse, vatn til å symja i, ei å som ikkje let seg vada. Og han sagde med meg: «Hev du set det, menneskjeson?» Og han let meg ganga tilbake uppå å-breiddi. Då eg kom dit att, stod det på å-breiddi ei mengd med tre på den sida og hi sida. Og han sagde med meg: «Dette vatnet renn ut til austbygderne og fløymar ned i øydemarki. So fell det ut i havet. Når det er flødt ut i havet, vert vatnet der friskt. Og det skal henda at alt kvikjende som liver og yr alle stader der den tviflaumande åi renn, skal livna, og det skal verta ei ovmengd med fisk. For når dette vatnet kjem dit, so vert det helsebot og liv alle stader der åi renn. 10 Og det skal henda at fiskarar skal standa frammed vatnet frå En-Gedi til En-Eglajim; fiskestøde for garnbruk skal det og vera. Fisken der skal vera i ovende mengd, kvar etter sitt slag, som i Storhavet. 11 Men myrarne og deplarne der skal ikkje verta friske; dei er etla åt saltet. 12 Og frammed åi, på båe å-breidderne, skal det veksa upp frukttre av alle slag. Lauvet på deim skal ikkje visna og frukti ikkje trjota. Kvar månad skal dei bera ny frukt, for vatnet åt deim renn ut frå heilagdomen. Og frukti på deim skal vera til mat, og lauvet til lækjedom.» 13 So segjer Herren, Herren: Dette er landskilet, og innan det skal de taka dykk landet til odel etter Israels tolv ætter. Åt Josef skal det vera tvo luter. 14 Og de skal taka det til odel, den eine som den andre, for di eg hev rett upp handi mi på at eg vilde gjeva federne dykkar det; so skal då dette landet verta utskift til odel og eiga. 15 Dette er då landskilet: På nordsida: frå Storhavet langs med Hetlonvegen til ein kjem til Sedad, 16 Hamat, Berota, Sibrajim, som ligg millom Damaskus-skilet og Hamat-skilet, det millomste Haser, som ligg innmed Havran-skilet. 17 Soleis er då landskilet frå havet til Hasar-Enon attmed Damaskus-skilet og framleides endå lenger nordetter upp til Hamat-skilet. Dette er nordsida. 18 Austsida - millom Havran og Damaskus og millom Gilead og Israelsland - er Jordan: frå nordskilet til Austhavet skal de mæla. Dette er austsida. 19 På sudsida, mot sud; frå Tamar til Meribotvatnet attmed Kades, til bekken, alt til Storhavet. Dette er sudsida, mot sud. 20 På vestsida er Storhavet frå dette skilet til dit der ein gjeng til Hamat. Dette er vestsida. 21 Og de skal byta landet millom dykk etter Israels ætter. 22 Og soleis skal det vera: De skal skifta det ut til odel åt dykk sjølve og dei framande som bur hjå dykk og hev fenge born ibland dykk. Og dei skal vera for dykk som dei som er fødde og borne i sjølve Israel; odelsjord skal dei hava med dykk ibland ætterne i Israel. 23 Og so skal det vera: I den ætti der den framande bur, der skal de gjeva honom odelsjordi si, segjer Herren, Herren.
Copyright information for NorSMB