Ezekiel 5

Og du, menneskjeson! Tak deg eit kvast sverd! Til rakekniv skal du bruka det, og du skal føra det yver ditt hovud og skjegg; tak deg so ei skålvegt og skift det du hev raka av! Ein tridjepart skal du brenna upp i eld midt i byen når kringsetjingsdagarne er lidne, og ein tridjepart skal du taka og slå med sverdet vida ikring, og ein tridjepart skal du spreida ut i vinden, og sverd vil draga ut etter deim. Men du skal taka undan nokre få av deim og binda deim i kjolesnipparne dine. Og av deim att skal du enn taka nokre og kasta deim midt inn i elden og brenna deim upp i eld. Derifrå skal koma eld yver all Israels-lyden. So segjer Herren, Herren: Dette Jerusalem, midt imillom folki sette eg det, og land var det rundt ikring. Men det hev sett seg upp mot mine lover, so det vart ugudlegare enn folki, og mot mine bodord, so dei vart verre enn landi rundt ikring; for mine lover vanvyrde dei, og i mine bodord ferdast dei ikkje. Difor, so segjer Herren, Herren: Av di at de hev rasa verre enn heidningfolki rundt ikring dykk, ikkje ferdast i mine bodord og ikkje gjort etter mine lover, og jamvel ikkje gjort etter loverne åt heidningfolki som er rundt ikring dykk, difor, so segjer Herren, Herren: Sjå, eg vil koma yver deg, eg og, og eg vil halda dom hjå deg midt framfor augo på heidningfolki. Og eg skal gjera med deg det som eg ikkje fyrr hev gjort og aldri meir vil gjera, for all styggedomen din. 10 Difor skal foreldre eta borni sine hjå deg, og born eta foreldri sine. Og eg vil halda dom hjå deg, og strå alt som vert att av deg for alle vindar. 11 Difor, so sant som eg liver, segjer Herren, Herren, sanneleg, etter di du hev sulka min heilagdom med all din styggjedom og alle dine styggjor, so vil eg og snu meg frå, og mitt auga skal ikkje ynkast, og ikkje eg heller vil spara deg. 12 Tridjeparten av deg skal døy av sott og verta tynt av svolt midt i deg, og tridjeparten skal falla for sverd rundt kringum deg, og tridjeparten vil eg spreida for alle vindar, og sverd vil eg draga ut etter deim. 13 Og all min vreide skal verta uthelt, og eg vil svala min harm på deim og hemna meg. Då skal dei sanna at eg, Herren, hev tala i min brennhug når eg heller ut all min harm på deim. 14 Og eg vil gjera deg til audn og til spott millom folki som er rundt kringum deg, framfor augo på kvar ein som fer framum. 15 Du skal verta til spott og håd, ei åtvaring og ei skræma for folki som er rundt kringum deg, når eg held dom yver deg med vreide og med harm og med harmfulle refsingar - eg, Herren hev tala - 16 når eg sender ibland deim dei vonde hunger-pilerne som er etla til tynarverk, deim eg sender til å tyna dykk med, når eg let svolten herja dykk og bryt sund brødstaven for dykk. 17 Eg vil senda yver dykk hunger og udyr, og dei skal gjera deg barnlaus, og sott og blod skal ganga yver deg, og sverd vil eg lata koma yver deg. Eg Herren, hev tala.
Copyright information for NorSMB