Ezekiel 6

Og Herrens ord kom til meg; han sagde; Menneskjeson! Vend di åsyn mot Israelsfjelli og spå mot deim. Og du skal segja: De Israelsfjell, høyr ordi frå Herren, Herren! So segjer Herren, Herren til fjelli og til haugarne, til gili og til dalarne: Sjå, eg let sverd koma yver dykk og øyder dykkar offerhaugar. Og dykkar altar skal verta lagde i øyde og dykkar solstolpar sundkrasa, og eg vil lata dykkar gjennomstungne falla framfor augo på dykkar ufysne avgudar. Og eg vil leggja liki av Israels-borni framfor augo på dykkar ufysne avgudar og strå beini dykkar rundt kringum dykkar altar. På kvar einaste stad der de bur, skal byarne verta lagde i øyde og offerhaugarne verta aude, so altari dykkar kann verta øydelagde og aude og dykkar ufysne avgudar sundkrasa og upp i inkje og solstolparne dykkar nedhogne og dykkar verk utstrokne; og gjennomstungne skal falla midt ibland dykk. Og de skal sanna at eg er Herren. Men nokre vil eg leiva, med di sume av dykk slepp undan sverdet millom folkeslagi, når de vert spreidde kringum i landi. Og dei av dykk som slepp undan, skal minnast meg millom folki som dei er burtførde til, når eg hev knasa deira utrue hjarta som veik ifrå meg, og deira augo som i utruskap søkte etter deira ufysne avgudar. Og dei skal styggjast ved seg sjølve for det vonde dei hev gjort, med alle sine styggjor. 10 Og dei skal sanna at eg er Herren. Ikkje fåfengt hev eg tala um å senda denne ulukka på deim. 11 So segjer Herren, Herren: Slå i hop handlovarne dine og trappa med foten og ropa: «Ai, ei!» yver alle dei vonde styggjorne i Israels-lyden; for dei skal falla for sverd, svolt og sott. 12 Den som er langt burte, skal døy av sotti, og den som er nær, skal falla for sverdet, og den som er leivd og berga, skal døy av svolten, og eg vil tøma min harm yver deim. 13 Og de skal sanna et eg er Herren, når deira gjenomstungne ligg midt imillom deira ufysne avgudar, rundt kringum altari deira, på kvar ein høg haug, på alle fjelltoppar og under kvart eit grønt tre og under kvar ei lauvrik eik, på den staden der dei ofra godange åt dei ufysne avgudarne sine. 14 Og eg vil retta ut handi mi mot deim og gjera landet til audn og øyda - verre enn Dibla-øydemarki - kvar dei so bur, og dei skal sanna at eg er Herren.
Copyright information for NorSMB