Ezra 1

I det fyrste åt Kyrus, kongen Persia, vekte Herren hugen i perserkongen Kyrus - for Herrens ord i Jeremias munn skulde nå sitt endemål - og han let ropa ut i alt sitt rike og sende brev i kring med sovori kunngjering: «So segjer Kyrus, kongen i Persia: «Alle kongerike på jordi hev Herren, Gud i himmelen, gjeve meg, og han hev lagt på meg at eg skal byggja honom eit hus i Jerusalem i Juda. Er det nokon millom dykk av alt hans folk, so vere hans Gud, med honom, og han drage upp til Jerusalem i Juda og byggje hus åt Herren, Israels Gud! Det er den Gud som bur i Jerusalem. Og kvar helst nokon endå er att og bur framand på ein stad, skal folket der hjelpa honom til med sylv og gull, lausøyre og bufe, umfram det som dei godviljugt gjev til gudshuset i Jerusalem.»» Då gjorde ættarhovdingarne i Juda og Benjamin seg reiduge til å fara, og det same gjorde prestarne og levitarne, alle dei som Gud vekte hugen i, dei vilde fara upp og byggja Herrens hus i Jerusalem. Og alle grannarne deira hjelpte deim til med gåvor: sylv og gull, lausøyre og bufe og dyrverdige gåvor, umfram alt det som dei sjølve gav godviljugt. Kyrus sjølv, kongen, gav frå seg alle dei kjerald som Nebukadnessar hadde teke burt frå Jerusalem og sett inn i huset åt sin gud. Desse gav no Kyrus, persarkongen, frå seg til Mitredat, som var skattmeister, og han talde deim for Sesbassar, som var hovding yver Juda. Talet på desse kjerald var: Tretti gullfat, tusund sylvfat og ni og tjuge andre offerkjerald, 10 tretti gullskålar og fire hundrad og ti sylvskålar av ringare slag og tusund andre kjerald. 11 Kjeraldi av gull og sylv var i alt fem tusund og fire hundrad. Alt dette førde Sesbassar med seg då dei burtførde for upp frå Babel til Jerusalem.
Copyright information for NorSMB