Ezra 4

Uvenerne til Juda og Benjamin fekk høyra at dei som var komne heim or utlægdi, heldt på å byggja eit tempel åt Herren, Israels Gud. Då gjekk dei til Zerubbabel og til ættarhovdingarne og sagde: «Lat oss få vera med dykk og byggja; me held oss til dykkar Gud likso vel som de, og til honom hev me ofra alt sidan den tid Asarhaddon var konge i Assyria og førde oss hit.» Men Zerubbabel og Jesua og dei andre ættarhovdingarne for Israel sagde til deim: «Det sømer seg ikkje at de skal vera med oss og byggja eit hus åt vår Gud; me vil sjølve hjelpast åt og byggja hus åt Herren, Israels Gud, soleis som Kyrus, persarkongen, hev sagt oss fyre.» Folket i landet skræmde då Juda-folket av og gjorde deim huglause, so dei slutta med byggjingi. Dei leigde folk til å leggja meinråder mot deim, og tiltaket vart stogga i all den tid som Kyrus var konge, alt til Darius hadde teke til å styra i Persia. Då Ahasveros hadde vorte konge, i den fyrste tid han styrde, då skreiv dei brev og klaga på ibuarane i Juda og Jerusalem. I Artahsastas tid skreiv Bislam og Mitredat og Tabe’el og dei andre embætsbrørne hans til Artahsasta, konge i Persia. Brevet var skrive med syrisk skrift og umsett på syrisk. Rådsherren Rehum og skrivaren Simsai skreiv eit brev mot Jerusalem til kong Artahsasta, og innholdet var dette: Dengong: Rådsherren Rehum og skrivaren Simsai og dei andre embetsbrørne deira, dei frå Dina og Afarsatka, Tarpela og Persia, Erek og Babel, Susan, Deha og Elam 10 og dei andre folki som den store og velduge Asnappar hadde ført burt og late bu i Samaria-byen og det andre landet på hi sida elvi, og so burtetter. 11 Dette er avskrift av det brevet dei sende til kong Artahsasta: «Tenarane dine, mennerne på hi sida elvi og so burtetter. 12 Det skal kongen vita at dei jødarne som for ifrå deg og hit til oss, er no komne til Jerusalem, og der held dei på å byggja upp denne vonde uprørsbyen og setja murarne i stand og stella på grunnvollarne. 13 No vil me gjera det kunnigt for kongen, at skal denne byen verta uppatt-bygd og murarne fullførde, so vil folket der korkje leggja skattar eller gjeva toll eller vegpengar, og det vil verta til meins for innkomorne åt kongarne. 14 Sidan no me et salt frå kongsgarden, so sømer det seg ikkje at me skal sjå på den skaden som her vert lagd for kongen, difor sender me brev bod og let kongen vita dette, 15 so det kann verta etterset i sogeboki åt federne dine; der vil du sjå og læra at denne byen hev vore ein upprørsby frå gamalt, til stort mein for kongar og land, og at der hev vore skapt mykje uro; difor er og byen lagd i øyde. 16 Det let me kongen vita, at vert denne byen bygd upp og murane fullførde, då er det ute med landeigni di på andre sida elvi.» 17 Kongen sende brev attende til rådsherren Rehum og skrivaren Simsai og dei andre embætsbrørne deira som budde i Samaria og andre herad på hi sida elvi, og i brevet stod det: «Heil og sæl! og so burtetter. 18 Det brevet som de sende oss, hev vorte greinleg lese for meg. 19 Eg let folk sjå etter, og dei fann ut at den byen alt frå dei eldste tider hev sett seg upp mot kongarne, og at uppreist og uro hev vore der rett som det var. 20 Velduge kongar hev butt i Jerusalem, og dei rådde yver alt landet på hi sida elvi, og dei tok imot skatt og toll og vegpengar. 21 No lyt de skipa det so at desse folki ikkje fær halda på med arbeidet, og at byen ikkje skal verta uppbygd att, utan det skulde koma løyve frå meg. 22 Og det lyt sjå vel til at ingenting vert gløymd eller forsømt i denne saki, so skaden ikkje skal verta verre og kongarne lida tap.» 23 So snart som dette brevet frå kong Artahsasta hadde vorte lese for Rehum og skrivaren Simsai og embætsbrørne deira, for dei snøgt til jødarne i Jerusalem og hindra dei med vald og magt. 24 Då vart det stans med byggjingi på Guds hus i Jerusalem. Det vart ingenting gjort med dette fyrr Darius hadde vorte konge i Persia, det andre året han styrde.
Copyright information for NorSMB