Ezra 8

Dette er dei ættarhovdingar som i Artahsasta si styringstid for med meg heim frå Babel, og soleis ser ættartavlorne deira ut: Av Pinhas-sønerne Gersom; av Itamars-sønerne Daniel; av Davids-sønerne Hattus; av Sekanja-sønerne av Paros-sønerne Zakarja, og med honom hundrad og femti karfolk som var uppskrivne i ættartavla; av Pahat-Moabs-sønerne Eljoenai Zerahjason og tvo hundrad karfolk med honom; av Sekanja-sønerne Jahasiels son og tri hundrad mann med honom; av Adins-sønerne Ebed Jonatansson og femti mann med honom; av Elams-sønerne Jesaja Ataljason og sytti mann med honom; av Sefatja-sønerne Zebadja Mikaelsson og åtteti mann med honom; av Joabs-sønerne Obadja Jehielsson og tvo hundrad og attan mann med honom; 10 av Selomits-sønerne Josifjas son og hundrad og seksti mann med honom; 11 av Bebai-sønerne Zakarja Bebaison og åtte og tjuge mann med honom; 12 av Azgads-sønerne Johanan Hakkatansson og hundrad og ti mann med honom; 13 av Adonikams-sønerne, dei som kom seinst og heitte Elifelet, Je’uel og Semaja, og seksti mann med deim; 14 av Bigvai-sønerne Utai og Zabbud og sytti mann med deim. 15 Eg samla deim attmed den elvi som renn til Ahava; der låg me i læger i tri dagar. Då eg so såg meir på folket og på prestarne, fann eg ingen av Levi-sønerne der. 16 Eg sende då bod etter ættarhovdingarne Eliezer og Ariel, Semaja og Elnatan og Jarib og Elnatan og Natan og Zakarja og Mesullam lærarane Jojarib og Elnatan. 17 Desse sagde eg fyre at dei skulde fara av stad til Iddo, hovudmannen i Kasifja-bygdi, og eg sagde kva ord dei skulde tala til Iddo og bror hans, tempelsveinarne i Kasifja-bygdi, so dei skulde senda oss tenarar til gudshuset vårt. 18 Og Gud heldt si gode hand yver oss, so dei sende oss ein vitug mann som heitte Serebja, av sønerne åt Mahli, son åt Levi, son åt Israel; han sjølv med søner og brør var attan i talet. 19 Sameleis sende dei Hasabja i lag med Jesaja av Merari-sønerne; med brørne hans og sønerne deira var det tjuge mann. 20 Dertil tvo hundrad og tjuge tempelsveinar, alle nemde på namn, av dei tempelsveinarne som David og hovdingarne hans hadde sett til tenarar åt levitarne. 21 Der ved Ahava-elvi lyste eg til ei fasta, av di med skulde audmykja oss for vår Gud og beda honom um god ferdalukka for oss sjølve og borni våre og all vår eigedom. 22 Eg skjemdest å beda kongen um herhjelp og ridarar til å verja oss mot uvener på vegen; for me hadde sagt til kongen: «Vår Gud held si hand yver alle deim som heldt seg til honom, og let det ganga vel for deim; men hans magt og vreide fell yver deim som gjeng frå honom.» 23 Me fasta då og bad Gud um hjelp, og han høyrde bøni. 24 Sidan valde eg ut tolv av prestehovdingarne og Serebja og Hasabja og ti av brørne deira. 25 Åt desse vog eg upp sylvet og gullet og kjeraldi, det som kongen og rådsmennerne og hovdingarne hans, og alle Israels-mennerne som heldt seg der i landet, hadde gjeve til ei reida åt gudshuset vårt. 26 Eg vog upp åt deim sekstan hundrad våger sylv, sylvkoppar som vog i alt tvo hundrad og femti våger, og dertil tvo hundrad og femti våger med gull, 27 og umfram dette tjuge gullskålar, til fem tusund dalar, og tvo kjerald av gullblank kopar, dyr som gull. 28 Og eg sagde med deim: «De er vigde til Herren, og kjeraldi er vigde; sylvet og gullet er ei friviljug reida til Herren, Gud åt federne dykkar. 29 Agta no vel på det og gjæt det, til dess de kann vega det ut att i Jerusalem til dei fremste av prestarne og levitarne og ættarhovdingarne hjå Israel, i kovarne i Herrens hus.» 30 Dermed tok prestarne og levitarne imot sylvet og gullet og koppar og kjerald som soleis var vege, og skulde føra det fram til Jerusalem til huset åt vår Gud. 31 So for me burt frå Ahava-elvi tolvte dagen i den fyrste månaden, og tok vegen til Jerusalem. Vår Guds hand var yver oss, og han berga oss frå uvener og lurarar på vegen. 32 Me kom til Jerusalem og fekk kvila ut der tri dagar. 33 Den fjorde dagen vart sylvet og gullet og koppar og kjerald vege upp gudshuset vårt og gjeve i henderne åt presten Meremot Uriason. Saman med honom var Eleazar Pinhasson og levitarne Jozabad Jesuason og Noadja Binnuison med og tok imot. 34 Det vart alt utgjeve etter tal og vegt, og vegti på alt vart uppskrivi. 35 Dei hertekne som var komne heim att or utlægdi, ofra no brennoffer til Israels Gud. Dei ofra tolv uksar for heile Israel og seks og nitti verar, sju og sytti lamb og tolv syndoffer-bukkar, alt til brennoffer åt Herren. 36 So gav dei frå seg kongsbodet til dei kongelege satraparne og til jarlarne i landi på hi sida elvi. Desse kom då og med hjelp både til lyden og til Guds hus.
Copyright information for NorSMB