Ezra 9

Etter desse hendingarne kom hovdingarne fram for meg og sagde: «Korkje folket i Israel eller prestarne og levitarne hev halde seg skilde frå folki i landi soleis som det helst kunde søma seg etter all den styggedomen som dei hev fare med både kananitarne og hetitarne, perizitarne og jebusitarne, ammonitarne og moabitarne, egyptararne og amoritarne. For dei hev teke døtterne deira til konor både åt seg sjølve og åt sønerne sine. På den måten hev det heilage sædet blanda seg med folki i landet, og hovdingarne og formennerne hev vore dei fyrste til å fara med utruskap i dette stykket.» Då eg høyrde dette, reiv eg sund kjolen min og kåpa mi, og eg reiv hår av hovudet og or skjegget og vart sitjande so sorgfull at eg kunde ikkje segja eit ord. Då samlast dei kringum meg alle dei som var forstøkte for det som Israels Gud hadde sagt um utruskapen deira som var heimkomne or utlægdi; men eg vart sitjande i djup sorg alt til kveldsofferet. Ved kveldsoffertidi stod eg upp or sorgi mi og reiv sund kjolen og kåpa. So fall eg ned på kne og rette ut henderne mine mot Herren, min Gud, og sagde: «Min Gud! eg skjemmest og blygjest for å lyfta andlitet mitt mot deg, min Gud; for misgjerningarne våre hev vakse upp yver hovudet vårt, og skuldi vår når til himmels. Frå den tid federne våre livde og alt til no hev me vore i stor skuld. For misgjerningarne våre hev me, med kongarne og prestarne våre, vorte gjevne i henderne på framande kongar, til sverd og til utlægd, til plundring og skam, som det syner seg no i dag. Men no ei ørliti stund hev Herren, vår Gud, miskunna oss, so han hev berga ein leivning av oss og gjeve oss eit fotfeste på den heilage staden sin, so han, vår Gud, kunde lata ljoset skina i augo våre, og me fekk ein liten livskveik i trældomen vår. For trælar det er me; men endå hev Gud ikkje slept oss i trældomen, men hev late oss finna nåde for augo åt persarkongarne, so dei gav oss ein livskveik til å reisa upp att gudshuset vårt og byggja det upp frå røysi; dermed kunde me få ein innhegna bustad i Juda og Jerusalem. 10 Men vår Gud! kva skal me no segja etter dette? For me hev vendt oss frå bodordi dine, 11 deim som du gav ved tenarane dine, profetarne, då du sagde: «Landet som det her kjem til og skal taka til eigedom, er eit tilsulka land for all den sulking og all den styggedom som dei framande folki i sin ureinskap hev fyllt det med frå den eine enden til den andre. 12 Difor skal de korkje gjeva døtterne dykkar til sønerne deira eller taka døtterne deira til konor åt sønerne dykkar. De skal aldri bry dykk um deira velferd og lukka, so de kann verta sterke og få eta av landsens gode ting og lata landet gå i arv til borni dykkar um alder og æva.» 13 Du, vår Gud, hev vore miskunnsam meir enn me var verde etter synderne våre, og hev late ein leivning av oss, slik som denne her, verta berga. Skulde me no etter alt som hev kome yver oss ved dei vonde verki våre, og ved den store skuld me hev drege på oss, 14 skulde me då brjota bodordi dine att og hava samgifte med folk som driv sovorne styggedomar? Måtte du ikkje då harmast på oss, so du reint kom til å tyna oss so ingen leivning var att, og ingen berga seg undan? 15 Herre, Israels Gud! du er rettvis når me her i dag berre er ein leivning som er berga. Sjå no ligg me her i vår skuld framfor deg. Som det no er, kann ingen verta standande for deg.»
Copyright information for NorSMB