Galatians 1

Paulus, apostel, ikkje av menneskje og ikkje ved noko menneskje, men ved Jesus Kristus og Gud Fader, som vekte honom upp frå dei daude, og alle brørne som er hjå meg - til kyrkjelydarne i Galatia: Nåde vere med dykk og fred frå Gud Fader og vår Herre Jesus Kristus, som gav seg sjølv for våre synder, so han kunde fria oss ut or den noverande vonde verdi etter vår Gud og Faders vilje; honom vere æra i all æve! Amen. Eg undrast på at de so snøgt vender dykk frå honom som kalla dykk ved Kristi nåde, til eit anna evangelium, endå det ikkje finst noko anna, det er berre sume som forviller dykk og vil forvenda Kristi evangelium. Men um so me eller ein engel frå himmelen forkynner dykk eit anna evangelium enn det som me hev forkynt dykk, han vere bannstøytt! Som me hev sagt fyrr, so segjer eg no på nytt: Um nokon forkynner dykk eit anna evangelium enn det som de tok imot, han vere bannstøytt! 10 Talar eg no menneskje eller Gud til viljes, eller søkjer eg å gjera menneskje til lags? Vilde eg enno gjera menneskje til lags, var eg ikkje Kristi tenar. 11 Eg kunngjer dykk, brør, at det evangelium som eg hev forkynt, er ikkje menneskjeverk; 12 for ikkje eg heller fekk det eller lærde det av noko menneskje, men ved Jesu Kristi openberring. 13 For de hev høyrt mi framferd fyrr, medan eg var jøde, at eg forfylgde Guds kyrkja ovleg hardt og tynte henne; 14 og i jødedomen gjekk eg lenger enn mange av jamaldringarne mine i mitt folk, med di eg var endå meir ihuga for mine fedre-lærdomar. 15 Men då det tektest honom som valde meg ut alt frå mors liv og kalla meg ved sin nåde, 16 å openberra sin Son i meg, at eg skulde forkynna evangeliet um honom millom heidningarne, då samrådde eg meg ikkje med kjøt og blod 17 og drog ikkje heller upp til Jerusalem til deim som var apostlar fyre meg; men eg for straks burt til Arabia og vende um att til Damaskus. 18 Sidan, tri år etter, for eg upp til Jerusalem og vilde verta kjend med Kefas, og hjå honom vart eg verande femtan dagar. 19 Men nokon annan av apostlarne såg eg ikkje, utan Jakob, Herrens bror. 20 Det som eg skriv til dykk - sjå, Gud veit at eg ikkje lyg det. 21 So kom eg til bygderne i Syria og Kilikia. 22 Men av åsyn var eg ukjend for dei kristne kyrkjelydarne i Judæa. 23 Dei hadde berre høyrt gjete: «Han som fyrr forfylgde oss, han forkynner no den trui som han fyrr øydde ut.» 24 Og dei lova Gud for meg.
Copyright information for NorSMB