Galatians 3

Å, de uvituge galatarar! kven hev trylt dykk, de som hev fenge Jesus Kristus måla for augo som krossfest? Berre det vil eg få vita av dykk: Fekk det Anden ved lovgjerningar eller ved å høyra trui forkynt? Er de so uvituge? De tok til i ånd; vil de no fullenda i kjøt? So mykje hev de røynt til unyttes? - um det då elles er til unyttes. Og han som gjev dykk Anden og gjer kraftverk millom dykk, gjer han det ved lovgjerningar eller ved å forkynna trui? Liksom Abraham trudde Gud, og det vart rekna honom til rettferd. Difor skal de vita, at dei som hev tru, dei er Abrahams born. Men Skrifti såg fyreåt at Gud vilde gjera heidningarne rettferdige ved tru, og gav so Abraham fyreåt det fagnadbodet: «I deg skal alle folkeslag verta velsigna.» So vert då dei som hev tru, velsigna med den truande Abraham. 10 For so mange som held seg til lovgjerningar, dei er under forbanning; for det stend skrive: «Forbanna er kvar den som ikkje held ved i alt det som stend skrive i lovboki, so han gjer etter det.» 11 Men at ingen vert rettferdiggjord for Gud ved lovi, det er audsynlegt; for «den rettferdige, ved tru skal han liva.» 12 Men lovi hev ingen ting med trui å gjera, men «den som gjer so, skal liva ved det.» 13 Kristus kjøpte oss frie frå forbanningi av lovi, då han vart ei forbanning for oss - for det er skrive: «Forbanna er kvar den som heng på eit tre» - 14 so velsigningi åt Abraham kunde koma yver heidningarne i Kristus Jesus, so me ved trui kunde få Anden, som var oss lova. 15 Brør! eg talar på menneskjevis. Ingen gjer då ei pakt av eit menneskje ugild eller legg noko til etter ho er stadfest. 16 Men lovnaderne vart gjevne til Abraham og hans ætt; han segjer ikkje: «Og ættingarne» liksom um mange, men som um ein: «Og di ætt», og det er Kristus. 17 Det eg vil segja, er dette: Ei pakt som fyreåt er stadfest av Gud, henne kann lovi, som vart gjevi fire hundrad og tretti år seinare, ikkje gjera ugild, so ho skulde gjera lovnaden til inkjes. 18 For er arven av lov, so er han ikkje meir av lovnad; men Gud gav Abraham honom ved lovnad. 19 Kva skulde so lovi til? Ho vart sett attåt for misgjerderne skuld, til dess den ætti kom som lovnaden galdt um - tilskipa av englar, ved ein millommanns hand; 20 men ein millommann er ikkje berre for ein; men Gud er ein. 21 Er so lovi imot Guds lovnader? Langt ifrå! for var det gjeve ei lov som hadde magt til å gjera livande, so kom rettferdi verkeleg av lovi. 22 Men Skrifti hev stengt alt inn under synd, so det som var lova, skulde ved tru på Jesus Kristus verta gjeve deim som trur. 23 Men fyrr trui kom, vart me haldne innestengde i varetekt under lovi til den tru som skulde openberrast. 24 So hev då lovi vorte vår tuktemeister til Kristus, so me skulde verta rettferdiggjorde av tru. 25 Men no, då trui er komi, er me ikkje lenger under tuktemeisteren; 26 for de er alle Guds born ved trui på Kristus Jesus. 27 For de, so mange som er døypte til Kristus, de hev iklædt dykk Kristus. 28 Her er ikkje jøde eller grækar, her er ikkje træl eller fri mann, her er ikkje mann og kvinna; for de er alle ein i Kristus Jesus. 29 Men høyrer de Kristus til, so er de og Abrahams ætt, ervingar etter lovnaden.
Copyright information for NorSMB