Galatians 4

Men eg segjer: So lenge ervingen er barn, er det ingen skilnad på honom og trælen, endå han er herre yver alt saman; men han er under uppsynsmenner og rådsmenner til den tidi faren fyreåt hev fastsett. Soleis var me og, so lenge me var born, trælbundne under barnelærdomen til verdi. Men då tidi var fullkomi, sende Gud Son sin, fødd av ei kvinna, fødd under lovi, so han kunde kjøpa deim frie, som var under lovi, so me kunde få barneretten. Men av di de er søner, hev Gud sendt inn i hjarto våre sin sons Ande, som ropar: «Abba, Fader!» So er du då ikkje lenger træl, men son. Men er du son, so er du og erving ved Gud. Men den tid de ikkje kjende Gud, træla de under dei gudar som i røyndi ikkje er gudar. Men no, då de kjenner Gud og - det som meir er - er kjende av Gud, kor kann de då venda atter til den veike og fatige barnelærdomen? Vil de atter å nyo træla under honom? 10 De tek vare på dagar og månader og tider og år; 11 eg ottast for dykk, at eg kann henda fåfengt hev gjort meg møda med dykk. 12 Vert liksom eg, for eg er liksom de; brør! eg bed dykk; de hev ingen urett gjort meg. 13 Men de veit at det var på grunn av ei vanhelsa i kjøtet, at eg fyrste gongen kom til å forkynna dykk evangeliet, 14 og endå mitt kjøt kunde freista dykk til det, vanvyrde de meg ikkje og støytte meg ikkje burt; men de fagna meg som ein Guds engel, ja, som Kristus Jesus. 15 Kor de prisa dykk sæle den gongen! for det vitnar eg um dykk, at um det hadde vore mogelegt, so hadde de rive ut augo dykkar og gjeve meg. 16 Og so hev eg vorte dykkar fiende ved å segja dykk sanningi! 17 Dei syner ein ihuge for dykk som ikkje er god; men dei vil stengja dykk ute, so de skal vera ihuga for deim. 18 Men det er godt å vera ihuga for det gode alltid, og ikkje berre når eg er hjå dykk. 19 Mine born, som eg atter føder med sår verk, til dess Kristus fær skapnad i dykk! 20 Eg skulde ynskja eg var hjå dykk no og kunde brigda mi røyst; for eg er i vanråd med dykk. 21 Seg meg, de som vil vera under lovi, høyrer de ikkje lovi? 22 For det stend skrive at Abraham hadde tvo søner, ein med trælkvinna og ein med den frie kvinna. 23 Men son åt trælkvinna er fødd etter kjøtet, men son åt den frie kvinna etter lovnaden. 24 I dette ligg det ei djupare meining under; for desse kvinnorne er tvo pakter: den eine frå Sinaifjellet, som føder til trældom, dette er Hagar; 25 for «Hagar» er Sinaifjellet i Arabia og svarar til det Jerusalem som no er; for det er i trældom med borni sine. 26 Men det Jerusalem som er der uppe, er fritt, og det er mor vår. 27 For det stend skrive: «Ver glad, du barnlause, som ikkje føder; kved i og ropa, du som ikkje hev barnerider! for borni hennar som er einsleg, er mange fleire enn hennar som hev mannen.» 28 Men me, brør, er born etter lovnaden, liksom Isak. 29 Men liksom den gongen han som var fødd etter kjøtet, forfylgde honom som var fødd etter åndi, soleis er det no og. 30 Men kva segjer Skrifti? «Driv ut trælkvinna og son hennar; for son åt trælkvinna skal slett ikkje taka arv med son åt den frie kvinna.» 31 So er me då, brør, ikkje born åt trælkvinna, men åt den frie kvinna.
Copyright information for NorSMB