Genesis 1

I upphavet skapte Gud himmelen og jordi. Og jordi var aud og øydi, og myrker låg yver djupet; men Guds ande sveiv yver vatni. Då sagde Gud: «Det verte ljos!» So vart det ljos. Og Gud såg at ljoset var godt. Og Gud skilde ljoset frå myrkret. Og Gud kalla ljoset dag, og myrkret kalla han natt. Og det vart kveld, og det vart morgon, fyrste dagen. Då sagde Gud: «Det verte ein vid kvelv midt i vatni: han skal skilja vatn ifrå vatn.» So gjorde Gud kvelven, og skilde vatnet som er nedunder kvelven, frå det vatnet som er uppyver kvelven. Og det vart so. Og Gud kalla kvelven himmel. Og det vart kveld, og det vart morgon, andre dagen. Då sagde Gud: «Vatni under himmelen samle seg på ein stad, so det turre landet kjem fram!» So vart det so. 10 Og Gud kalla det turre landet jord, og vatni som hadde samla seg, kalla han hav. Og Gud såg det var godt. 11 Då sagde Gud: «Jordi bere fram gras og grode, urter som sår seg, og frukttre, som ber frukt med deira frø i, utyver jordi, kvart etter sitt slag!» Og so vart det. 12 Og jordi bar fram gras og grode, urter som sår seg, kvar etter sitt slag, og tre som ber frukt med frø i, kvart etter sitt slag. Og Gud såg det var godt. 13 Og det vart kveld, og det vart morgon, tridje dagen. 14 Då sagde Gud: «Det verte skinande ljos på himmelkvelven: dei skal skilja dagen frå natti. Og dei skal vera til merke, og skipa tider og dagar og år. 15 Og dei skal vera til ljos på himmelkvelven, og lysa utyver jordi.» Og so vart det. 16 Og Gud gjorde dei tvo store ljosi, det større ljoset til å råda um dagen, og det mindre ljoset til å råda um natti, og so stjernorne. 17 Og Gud sette deim på himmelkvelven til å lysa utyver jordi, 18 og til å styra dagen og natti, og skilja ljoset frå myrkret. Og Gud såg det var godt. 19 Og det vart kveld, og det vart morgon, fjorde dagen. 20 Då sagde Gud: «Det skal yrja og aula med liv i vatnet, og fuglar skal fljuga yver jordi, uppunder himmelkvelven.» 21 So skapte Gud dei store sjødyri, og alt livande som det yr og kryr av i vatnet, kvart etter sitt slag, og alle fljugande fuglar, kvart etter sitt slag. Og Gud såg det var godt. 22 Og Gud velsigna deim og sagde: «De skal veksa og aukast og fylla vatnet i havi, og fuglarne skal aukast på jordi!» 23 Og det vart kveld, og det vart morgon, femte dagen. 24 Då sagde Gud: «Jordi gjeve utor seg kvikjende av kvart slag, bufe og krek og villdyr, kvart etter sitt slag.» Og so vart det. 25 Og Gud gjorde dei ville dyri, kvart etter sitt slag, og bufe av kvart eit slag, og alle dei dyr som krek på marki, kvart etter sitt slag. Og Gud såg det var godt. 26 Då sagde Gud: «Lat oss skapa menneskje i vår likning, so dei vert bilætet vårt! Dei skal råda yver fiskarne i havet og yver fuglarne under himmelen og yver feet og yver all jordi og yver alt liv som leikar på jordi.» 27 So skapte Gud menneskjet i si likning, i Guds likning skapte han det, til kar og kvinna skapte han deim. 28 Og Gud velsigna deim, og Gud sagde til deim: «De skal veksa og aukast og fylla jordi og leggja henne under dykk, og råda yver fiskarne i havet og yver fuglarne under himmelen og yver kvart dyr som røyver seg på jordi!» 29 Og Gud sagde: «Sjå, eg gjev dykk alle urter som sår seg, alle som finst på jordi, og alle tre med alde som sår seg: for dykk skal det vera til føda. 30 Og alle dyri på jordi og alle fuglarne under himmelen og alt det som yrer på jordi, alt som hev ande og liv, gjev eg alt det grøne graset til føda.» Og so vart det. 31 Og Gud skoda alt han hadde gjort, og sjå: det var ovleg godt. Og det vart kveld, og det vart morgon, sette dagen.
Copyright information for NorSMB