Genesis 11

Og heile verdi hadde eitt tungemål og same ordi. Og det bar so til, då dei for austigjenom, at dei fann ei slette i Sinearlandet, og der slo dei seg ned. Og dei sagde seg imillom: «Kom, lat oss gjera tigl og brenna det vel!» Og so bruka dei tiglet til murstein, og i staden for kalk bruka dei jordbik. So sagde dei: «Kom, lat oss byggja oss ein by, med eit tårn som når upp i himmelen, og gjera oss namngjetne, so me ikkje vert spreidde utyver all jordi!» Då steig Herren ned og vilde sjå byen og tårnet som manneborni bygde. Og Herren sagde: «Sjå dei er eitt folk, og alle hev dei eit tungemål, og dette er det fyrste dei tek seg fyre! No vert ikkje noko umogelegt for deim, kva dei so finn på å gjera. Lat oss då stiga ned der og vildra målet deira, so den eine ikkje skynar kva den andre segjer.» So spreidde Herren deim derifrå ut yver heile jordi, og dei heldt upp å byggja på byen. Difor kallar dei den byen Babel; for der vildra Herren målet for heile verdi, og derifrå spreidde Herren deim ut yver all jordi. 10 Dette er soga um Sems-ætti: Då Sem var hundrad år gamall, fekk han sonen Arpaksad, tvo år etter storflodi. 11 Og etter han hadde fenge Arpaksad, livde han endå i fem hundrad år, og fekk søner og døtter. 12 Då Arpaksad var fem og tretti år gamall, fekk han sonen Salah. 13 Og etter han hadde fenge Salah, livde han endå fire hundrad og tri år, og fekk søner og døtter. 14 Då Salah var tretti år gamall, fekk han sonen Eber. 15 Og etter han hadde fenge Eber, livde han endå fire hundrad og tri år, og fekk søner og døtter. 16 Då Eber var fire og tretti år gamall, fekk han sonen Peleg. 17 Og etter han hadde fenge Peleg, livde han endå fire hundrad og tretti år, og fekk søner og døtter. 18 Då Peleg var tretti år gamall, fekk han sonen Re’u. 19 Og etter han hadde fenge Re’u, livde han endå tvo hundrad og ni år, og fekk søner og døtter. 20 Då Re’u var tvo og tretti år gamall, fekk han sonen Serug. 21 Og etter han hadde fenge Serug, livde han endå tvo hundrad og sju år, og fekk søner og døtter. 22 Då Serug var tretti år gamall, fekk han sonen Nahor. 23 Og etter han hadde fenge Nahor, livde han endå tvo hundrad år, og fekk søner og døtter. 24 Då Nahor var ni og tjuge år gamall, fekk han sonen Tarah. 25 Og etter han hadde fenge Tarah, livde han endå hundrad og nittan år, og fekk søner og døtter. 26 Då Tarah hadde fyllt sytti år, fekk han sønerne Abram og Nahor og Haran. 27 Dette er soga um Tarah og ætti hans: Tarah fekk sønerne Abram og Nahor og Haran. Og Haran fekk sonen Lot. 28 Og Haran døydde for augo åt Tarah, far sin, i fødesheimen sin, i Ur i Kaldæa. 29 Og Abram og Nahor tok seg konor. Kona hans Abram heitte Saraj, og kona hans Nahor heitte Milka, og var dotter åt Haran, far åt Milka og Jiska. 30 Men Saraj var barnlaus; ho hadde aldri ått barn. 31 Og Tarah tok med seg Abram, son sin, og Lot Haransson, soneson sin, og Saraj, sonekona si, kona hans Abram, og dei tok ut saman frå Ur i Kaldæa, og vilde fara til Kana’ans-land. Og dei kom til Kharan, og vart buande der. 32 Og dagarne hans Tarah vart tvo hundrad og fem år. So døydde Tarah i Kharan.
Copyright information for NorSMB