Genesis 13

So for Abram frå Egyptarland upp til Sudlandet med kona si og alt det han åtte, og Lot var med honom. Og Abram var ovleg rik, både på bufe og på sylv og på gull. Sidan for han frå Sudlandet, dagsleid etter dagsleid, til dess han kom til Betel, til den staden som han fyrr hadde havt tjeldbudi si, millom Betel og Aj, der det altaret stod som han hadde bygt fyrste gongen han var der. Og der kalla Abram på Herren. Men Lot, som fylgdest med Abram, hadde og sauer og naut og tjeldbuder. Og landet kunde ikkje føda deim, når dei budde i hop; dei hadde so mykje fe at dei kunde ikkje bu saman. So vart det trætta millom deim som gjætte for Abram og deim som gjætte for Lot. Og kananitarne og perizitarne budde då der i landet. Då sagde Abram med Lot: «Kjære deg, lat det ikkje vera trætta millom meg og deg, og millom mine hyrdingar og dine. Me er då brør! Hev du ikkje heile landet fyre deg? Skil då heller lag med meg! Tek du til vinstre, so skal eg taka til høgre, og tek du til høgre, so skal eg taka til vinstre.» 10 Då skoda Lot ikring seg, og såg at heile Jordan-kverven, alt burtåt Soar, var rik på vatn yver alt, som Herrens hage, som Egyptarlandet - fyrr Herren lagde Sodoma og Gomorra i øyde. 11 Og Lot valde seg ut heile Jordan-kverven. So tok Lot austigjenom, og dei skildest frå einannan: 12 Abram vart buande i Kana’ans-land, og Lot budde i byarne i Jordan-kverven, og lægra alt burtåt Sodoma. 13 Men mennerne i Sodoma var vonde, og synda groveleg mot Herren. 14 Og Herren sagde til Abram, etter Lot hadde skilt lag med honom: «Lat upp augo dine og sjå ikring deg frå den staden du stend, nordetter og sudetter og austetter og vestetter! 15 For alt det landet du ser, vil eg gjeva deg og di ætt til æveleg tid. 16 Og eg vil lata ætti di verta som dusti på jordi: kann nokon telja dusti på jordi, so kann dei og telja di ætt. 17 Upp, og far landet igjenom, so langt og so breidt som det er! For deg vil eg gjeva det.» 18 So flutte Abram tjeldbuderne, og kom til eikelunden åt Mamre i Hebron. Der vart han buande, og bygde Herren eit altar.
Copyright information for NorSMB