Genesis 14

I den tidi då Amrafel var konge i Sinear, og Arjok konge i Ellasar, og Kedorlaomer konge i Elam, og Tideal konge yver heidningarne, då hende det at det vart ufred millom dei kongarne og Bera, kongen i Sodoma, og Birsa, kongen i Gomorra, og Sineab, kongen i Adma, og Semeber, kongen i Sebojim, og kongen i Bela, som no heiter Soar. Alle desse slo seg i hop og lagde vegen til Siddimdalen, der som Saltsjøen er no. Tolv år hadde dei tent Kedorlaomer, men det trettande året fall dei frå honom. Og det fjortande året kom Kedorlaomer og dei kongarne som var med honom, og slo under seg refa’itarne i Asterot-Karnajim og zuzitarne i Ham og emitarne på Kirjatajimsletta og horitarne på fjelli deira, Se’irfjelli, alt til Paranlunden, som er utmed øydemarki. So snudde dei um, og kom til Domskjelda, der som Kades ligg, og lagde under seg alt Amalekitarlandet og amoritarne med, dei som budde i Haseson-Tamar. Og kongen i Sodoma og kongen i Gomorra og kongen i Adma og kongen i Sebojim og kongen i Bela, som no heiter Soar, dei tok ut, og fylkte heren sin imot deim i Siddimdalen, mot Kedorlaomer, kongen i Elam, og Tideal, kongen yver heidningarne, og Amrafel, kongen i Sinear, og Arjok, kongen i Ellasar, fire kongar mot fem. 10 Men i Siddimdalen var det fullt av jordbikgrover. Og kongarne i Sodoma og Gomorra laut røma, og då stupte dei ned i groverne; og dei som att var, rømde til fjells. 11 Og hine tok alt godset i Sodoma og Gomorra og all maten deira, og drog burt. 12 Og dei tok Lot, brorson hans Abram, og godset hans og drog av med; for han budde i Sodoma. 13 Men ein av deim som hadde kome seg undan, bar bod um alt dette til Abram, hebræaren, som budde i eikelunden åt Mamre, amoriten. Og Mamre, han var bror åt Eskol og Aner, og dei var alle i samlag med Abram. 14 Då no Abram høyrde at brorson hans var fanga, tok han ut med alle sine fullrøynde sveinar, som var fødde og fostra i huset hans, tri hundrad og attan i talet, og sette etter deim alt til Dan. 15 Der bytte han sund flokken sin, og tok på deim um natti med sveinarne sine, og han vann yver deim, og elte deim radt til Hoba, som ligg nordanfor Damaskus. 16 So tok han att alt godset, og Lot, brorson sin, og hans gods tok han og att, og kvendi og hitt folket med. 17 Då han so var på heimvegen og hadde vunne yver Kedorlaomer og dei kongarne som var med honom, kom kongen i Sodoma imot honom til Flatedal, der som no heiter Kongsdalen. 18 Og Melkisedek, kongen i Salem, kom ut med brød og vin. Han var prest åt Gud den Høgste. 19 Og han velsigna honom og sagde: «Gud den Høgste, han som eiger Jord og himmel, signe Abram! 20 Gud den Høgste vere lova! I di hand gav han din fiend.» Og Abram gav honom tiend av alt. 21 Og kongen i Sodoma sagde med Abram: «Gjev meg folket, og tak du godset!» 22 Då sagde Abram med kongen i Sodoma: «Eg retter upp handi til Herren, Gud den Høgste, han som eig himmel og jord: 23 Ikkje so mykje som ein tråd eller ei skoreim tek eg imot av det som ditt er. Du skal ikkje hava det å segja: «Eg gjorde Abram rik.» 24 Eg vil ingen ting hava, anna enn den maten som sveinarne hev ete, og den luten som fell på dei mennerne som var med meg, Aner og Eskol og Mamre; lat deim få sin lut!»
Copyright information for NorSMB