Genesis 15

Ei tid etter dette hadde hendt, kom Herrens ord til Abram i eit syn, og det lydde so: «Ver ikkje ottefull, Abram! Eg skal vera din skjold! Løni di skal vera ovleg stor.» Då sagde Abram: «Herre, min Gud, kva vil du gjeva meg? Barnlaus fer eg min veg, og den som vert eigande huset mitt, er Elieser frå Damaskus. Sjå, meg hev du ikkje gjeve noko barn,» sagde Abram, «og rådsdrengen min kjem til å erva meg.» Men sjå: då kom Herrens ord til honom, og det lydde so: «Nei, han skal ikkje erva deg, men ein som er komen av ditt eige blod, skal erva deg.» Og han leidde honom utanfor, og sagde: «Kjære deg, sjå upp til himmelen og tel stjernorne, um du er god til. So tallaus,» sagde han til honom, «skal ætti di verta.» Og Abram trudde Herren, og det rekna han honom til rettferd. Og han sagde til honom: «Eg er Herren, som leidde deg ut frå Ur i Kaldæa, og eg vil gjeva deg dette landet til eiga.» Og Abram sagde: «Herre, min Gud, kva vissa skal eg hava på det, at eg skal få det til eiga?» Då sagde Herren til honom: «Henta meg ei triæringskviga og ei triæringsgeit og ein triæringsver og ei turtelduva og ein duveunge!» 10 So henta Abram alt dette åt honom, og skar dyri midt i tvo, og lagde den eine luten av kvart dyr beint imot den andre. Men fuglarne skar han ikkje sund. 11 Og ræfuglar kom dalande ned på kjøtet, men Abram jaga deim burt. 12 Då det so leid til at soli vilde glada, kom det ein tung svevn på Abram, og gruv, stort myrker, kom yver honom. 13 Og han sagde til Abram: «Det skal du vita, at ætti di skal halda til i eit land som ikkje er deira, og dei skal tena folket der og tola mykje vondt av deim i fire hundrad år. 14 Men det folket som dei lyt tena, vil eg og døma, og sidan skal dei draga ut med mykje gods. 15 Og du skal fara i fred til federne dine; du skal ganga i gravi i høg alder. 16 Og i den fjorde mannsalderen skal dei koma hit att; for endå vantar det noko på syndeskuldi åt amoritarne, fyrr målet er fullt.» 17 No var soli gladd, og det var stumende myrkt. Då fekk han sjå ein rjukande omn og ein eldsloge, som for fram millom kjøtstykki. 18 Den dagen gjorde Herren ei pakt med Abram og sagde: «Di ætt gjev eg dette landet, frå Egyptarlands-elvi alt til den store elvi, til Fratelvi, 19 landet åt kenitarne og kenizitarne og kadmonitarne 20 og hetitarne og perizitarne og refa’itarne 21 og amoritarne og kananitarne og girgasitarne og jebusitarne.»
Copyright information for NorSMB