Genesis 18

Sidan synte Herren seg for honom i Mamrelunden, medan han sat i døri til tjeldbudi si, midt på heitaste dagen: Som han såg upp og skoda utyver, fekk han sjå tri menner som stod framfyre honom. Med same han vart var deim, sprang han imot deim frå buddøri, og bøygde seg nedåt jordi, og sagde: «Herre, hev du noko godvilje for meg, so gjer vel og sjå innum åt tenaren din. Lat oss få henta noko vatn, so de kann två føterne og kvila dykk her under treet. So skal eg finna ein bite mat, som de kann styrkja dykk med, fyrr de fer lenger, sidan det høver seg so at de legg vegen um tenaren dykkar.» Og dei sagde: «Ja, gjer som du segjer!» Då skunda Abraham seg inn i budi til Sara og sagde: «Nøyt deg og tak tri settung fint mjøl, og knoda det, og baka kakor!» Og burt til buskapen sprang han, og tok ut ein uksekalv som var fin og god; den let han drengen få, og han nøytte seg og laga honom til. So tok han rjome og mjølk og kalven som drengen hadde laga til, og sette det fram åt deim, og sjølv stod han hjå deim under treet, medan dei åt. Då sagde dei til honom: «Kvar er Sara, kona di?» «Sjå der inni tjeldbudi er ho,» sagde Abraham. 10 Då sagde han: «Når det lid ut i årsmotet, kjem eg hit til deg att, og då hev Sara, kona di, fenge ein son.» Og Sara høyrde det i buddøri; for den var attanfor honom. 11 Men Abraham og Sara var gamle og ut i åri komne; Sara hadde det ikkje lenger so som kvendi plar hava det. 12 Difor log Sara med seg sjølv, og tenkte: «Skulde eg få hug, endå so gamall og skrukkut som eg er? Og mannen min er og til års!» 13 Då sagde Herren til Abraham: «Kvi log Sara og tenkte: «Kann dette vera sant, at eg skal eiga barn, eg som er so gamall?» 14 Er det noko som er umogelegt for Herren? Til års dette bil kjem eg hit til deg att, og då hev Sara ein son.» 15 Men Sara neitta og sagde: «Eg log ikkje.» For ho var rædd. Då sagde han: «Jau, du log.» 16 So gjorde mennerne seg ferdige og gjekk, og dei tok leidi burtimot Sodoma; og Abraham gjekk med deim; han vilde fylgja deim på vegen. 17 Då sagde Herren: «Kvi skulde eg dylja for Abraham det som eg tenkjer å gjera, 18 Abraham som skal verta far til eit stort og sterkt folk? Alle folkeslag på jordi skal velsignast i honom. 19 For eg kjenner honom for den mann, at han vil segja til borni sine og til huset sitt etter seg, at dei skal halda seg etter Herrens veg og gjera rett og skil, so Herren kann lata det ganga fram som han hev lova Abraham.» 20 Og Herren sagde: «Klageropet yver Sodoma og Gomorra det er øgjelegt, og synderne deira dei er ovleg svære. 21 No vil eg ned og sjå um dei hev fare so ille åt som det lydest av det ropet som hev stige upp til meg; og hev dei ikkje det, so fær eg vita det!» 22 So snudde mennerne seg og gjekk, og dei tok vegen til Sodoma. Men Abraham stod endå framfor Herren. 23 Og Abraham gjekk innåt og sagde: «Vil du då riva burt dei rettvise saman med dei gudlause? 24 Um det no var femti rettvise menner i byen? Vil du då riva deim burt, og ikkje spara byen for deira skuld? 25 Det er ikkje di vis å fara so åt, drepa den som rettvis er, saman med den som er gudlause, so det gjeng dei rettvise like eins som dei gudlause. So er ikkje di vis! Den som byter rett all jordi yver, skulde ikkje han gjera rett!» 26 Då sagde Herren: «Finn eg i Sodoma by femti rettvise menner, so skal eg spara heile byen for deira skuld.» 27 Og Abraham tok til ords att og sagde: «Sjå, eg hev våga meg til å tala til Herren min, endå eg er mold og oska! 28 Um det no skulde vanta fem på dei femti rettvise mennerne? Vil du då leggja heile byen i øyde for desse fem skuld?» og han svara: «Finn eg fem og fyrti, so skal eg ikkje øydeleggja honom.» 29 Og Abraham heldt på og tala til honom, og sagde: «Um det no finst fyrti -?» og han svara: «Eg skal ikkje gjera det, for dei fyrti skuld.» 30 Då sagde Abraham: «Herren må ikkje verta vreid, um eg talar! Um det no finst tretti -?» Og han svara: «Eg skal ikkje gjera det, so sant eg finn tretti.» 31 Då sagde Abraham: «Sjå, eg hev våga meg til å tala til Herren min! Um det finst no tjuge -?» Og han svara: «Eg skal ikkje øydeleggja byen, for dei tjuge skuld.» 32 Då sagde Abraham: «Herren må ikkje verta vreid, um eg talar berre denne eine gongen til! Um det finst no ti -?» Og han svara: «Eg skal ikkje øydeleggja honom, for dei ti skuld.» 33 So gjekk Herren burt, då han hadde tala til endes med Abraham. Og Abraham gjekk heim att til seg.
Copyright information for NorSMB