Genesis 19

Og dei tvo englarne kom til Sodoma um kvelden, medan Lot sat i byporten. Då Lot fekk sjå deim, reiste han seg og gjekk imot deim, og bøygde seg nedåt jordi, og sagde: «Gode herrar, gjer so vel og ver med tenaren dykkar heim, og gjev dykk til hjå meg i natt, og två føterne dykkar. So kann de vera tidleg uppe i morgon og taka på vegen att.» Og dei sagde: «Nei, me vil vera ute på torget i natt.» Men han nøydde deim so lenge til dei fylgde honom heim, og var med honom inn. Og han gjorde eit gjestebod åt deim, og baka søtebrød, og so åt dei. Dei hadde endå ikkje lagt seg, so kom byfolket, mennerne i Sodoma, både unge og gamle, heile lyden, frå alle kantar, og slo ring um huset. Og dei ropa til Lot og sagde med honom: «Kvar er dei mennerne som kom heim til deg i kveld? Lat deim koma ut til oss, so me kann få vår vilje med deim!» Då gjekk Lot ut i døri til deim, og let hurdi att etter seg og sagde: «Kjære brør, gjer då ikkje slik ei ugjerning! Sjå, eg hev tvo døtter, som ingen kar hev vore nær. Lat meg senda deim ut til dykk, so kann de gjera med deim som de synest. Men desse mennerne her, deim må de ikkje gjera noko, etter di dei hev kome inn under skuggen av taket mitt.» Men dei sagde: «Or vegen med deg! Her kjem denne framandkaren og fær bu her,» sagde dei, «og so gjev han seg til å døma jamt og samt! No skal me fara verre med deg enn med deim!» Og dei gjekk hardt inn på mannen, på Lot, og styrmde innåt og vilde brjota sund hurdi. 10 Då rette mennerne ut handi, og tok Lot inn i huset til seg, og stengde att hurdi. 11 Og dei vildra syni på dei kararne som var utfyre husdøri, både små og store, so dei fann ikkje døri, kor mykje dei stræva. 12 Og mennerne sagde med Lot: «Hev du elles nokon her som er skyld deg? nokon måg? Både søner og døtter og alt ditt folk her i byen lyt du få med deg burt. 13 For no skal me leggja denne byen i øyde, av di eit øgjelegt klagerop yver deim hev nått upp til Herren, og Herren hev sendt oss på den måten at me skal øydeleggja byen.» 14 Då gjekk Lot ut og tala til mågarne sine, deim som skulde hava døtterne hans, og sagde: «Upp, og kom dykk burt frå denne staden! For no vil Herren øydeleggja byen.» Men mågarne hans tenkte at han berre vilde narra deim. 15 Det fyrste det tok til å dagast, skunda englarne på Lot og sagde: «Upp! Tak kona di og dei tvo døtterne dine som er her, so du ikkje skal missa livet for alt det vonde skuld som er gjort her i byen!» 16 Men han tøvra. Då greip mennerne honom i handi, både honom og kona og døtterne hans, av di Herren vilde spara honom, og dei leidde honom ut, og slepte honom ikkje, fyrr dei var utanfor byen. 17 Då dei no var utum byen komne, sagde han: «Vil du berga livet, so røm! Sjå deg ikkje attende, og stana ikkje i heile kverven! Røm upp på fjellet! elles ryk du med.» 18 Då sagde Lot til deim: «Å nei, Herre! 19 Sjå, tenaren din hev funne nåde hjå deg, og stor er den miskunn du hev gjort meg, med di du hev berga livet mitt. Men upp på fjellet kann eg ikkje nå. Ulukka kunde koma yver meg, so eg laut døy. 20 Sjå, denne byen der er snar å røma til, og han er so liten! Er han ikkje liten? Kjære væne, lat meg få berga meg dit, so eg vert verande i live!» 21 Då sagde han til honom: «Ja, eg vil gjera deg til viljes i dette og, og ikkje søkkja ned den byen du talar um. 22 Skunda deg og røm dit, for eg kann ingen ting gjera, fyrr du er komen der.» Difor kallar dei den byen Soar. 23 Soli hadde runne på fjell, då Lot kom til Soar. 24 Då let Herren det regna svåvel og eld, frå Herren, frå himmelen, nedyver Sodoma og Gomorra, 25 og søkkte i kav båe dei byarne og heile kverven, med alle som i byarne budde, og alt som på vollarne voks. 26 Og kona hans Lot såg attum seg. Då vart ho til ein saltstein. 27 Um morgonen tidleg gjekk Abraham til den staden han var, då han stod framfor Herren, 28 og han skoda utyver Sodoma og Gomorra og utyver alt landet i kverven, og då såg han - såg røyken valt upp av jordi, som røyken av ein masomn. 29 So gjekk det til, at då Gud øydelagde byarne på Jordan-kverven, då kom Gud i hug Abraham, og leidde Lot midt utor øydeleggjingi, den gongen han søkkte ned dei byarne som Lot hadde butt i. 30 Og Lot for frå Soar upp i fjellet, og gav seg til der, og båe døtterne hans med honom; for han torde ikkje bu i Soar. Og han budde i ein heller, både han og døtterne hans. 31 Då sagde den eldste dotteri til den yngste: «Far vår er gamall, og det finst ikkje menner i landet, so dei kunde ganga til oss, som visi er i all verdi. 32 Kom, lat oss gjeva far vår vin å drikka og leggja oss hjå honom, so me held uppe ætti åt far vår!» 33 So skjenkte dei far sin vin same kvelden, og den eldste gjekk inn og lagde seg hjå far sin. Og han hådde ikkje då ho lagde seg, og heller ikkje då ho reis upp att. 34 Og dagen etter sagde den eldste dotteri med den yngste: «Høyr her! I natt låg eg med far min. Lat oss gjeva honom vin å drikka i kveld og, og gakk du inn og legg deg hjå honom, so held me uppe ætti åt far vår!» 35 So skjenkte dei far sin vin den kvelden og. Og den yngste kom og lagde seg hjå honom. Og han hådde ikkje at ho lagde seg, og heller ikkje at ho reis upp att. 36 Og båe døtterne hans Lot vart umhender med far sin. 37 Og den eldste fekk ein son, og kalla honom Moab. Frå honom er Moab-folket ætta, alt til den dag i dag. 38 Og den yngste fekk og ein son, og kalla honom Ben-Ammi. Frå honom er Ammons-sønerne ætta, alt til den dag i dag.
Copyright information for NorSMB