Genesis 20

So flutte Abraham derifrå til Sudlandet og sette seg ned millom Kades og Sur, og sidan heldt han til i Gerar. Og Abraham sagde um Sara, kona si: «Ho er syster mi.» Og Abimelek, kongen i Gerar, sende folk ut, og tok Sara. Då kom Gud um natti til Abimelek i draume, og sagde til honom: «No lyt du døy, for di du hev teke denne kvinna; for ho er ei gift kona.» Men Abimelek hadde ikkje vore nær henne. Og han sagde: «Herre, vil du då drepa rettvise folk og? Sagde han ikkje sjølv med meg: «Ho er syster mi»? Og ho, ho sagde og: «Han er bror min.» Med skuldlaust hjarta og reine hender gjorde eg dette.» Då sagde Gud til honom i draume: «Ja, eg veit at du gjorde det med skuldlaust hjarta, og det var eg sjølv som heldt deg ifrå å synda mot meg, med di eg ikkje let deg få røra henne. Lat no du mannen få att kona si; for han er ein gudsmann - so bed han for deg, og då fær du liva. Men gjev du henne ikkje ifrå deg, so må du vita at du skal døy, både du og alle dine.» Um morgonen tidleg reis Abimelek upp og kalla kring seg alle mennerne sine og sagde alt dette med deim, og kararne vart ovleg rædde. Og Abimelek kalla til seg Abraham, og sagde med honom: «Kvi gjorde du dette mot oss? Kva vondt hadde eg gjort deg, sidan du vilde leggja so stor ei synd på meg og riket mitt? Du hev fare åt imot meg som ingen skulde fara åt! 10 Kva meinte du med det at du gjorde dette?» sagde Abimelek med Abraham. 11 Då sagde Abraham: «Eg tenkte det: «Dei hev visst ingen age for Gud i dette landet; dei kjem til å drepa meg for kona skuld.» 12 Og so er ho og i røyndi syster mi, dotter åt far min, men ikkje dotter åt mor mi. Og ho vart kona mi. 13 Og då Gud let meg fara frå heimen min ut i vide verdi, då sagde eg med henne: «Dette lyt du gjera for mi skuld: kvar me kjem helst, so seg um meg: «Han er bror min.»»» 14 So tok Abimelek både sauer og naut og drengjer og gjentor og gav Abraham, og let honom få att Sara, kona si. 15 Og Abimelek sagde: «Sjå, her hev du landet mitt fyre deg; bu der du helst vil!» 16 Og med Sara sagde han: «Sjå, her gjev eg bror din tusund sylvdalar. Det skal vera ei ærebot for deg hjå alle som er med deg, so kvar og ein kann sjå du er saklaus.» 17 So bad Abraham til Gud for deim, og Gud lækte Abimelek og kona hans og ternorne hans, so dei fekk born. 18 For Herren hadde heiltupp stengt kvart morsliv i huset åt Abimelek for Sara skuld, kona hans Abraham.
Copyright information for NorSMB