Genesis 21

Og Herren såg til Sara, som han hadde sagt, og Herren gjorde for Sara det som han hadde lova. Og Sara vart med barn, og fekk ein son med Abraham på hans gamle dagar, den tid som Gud hadde nemnt. Og Abraham kalla son sin, den som Sara hadde fenge, Isak. Og Abraham umskar Isak, son sin, då han var åtte dagar gamall, som Gud hadde sagt honom fyre. Abraham var hundrad år gamall, då Isak, son hans, kom til verdi. Og Sara sagde: «Gud hev laga det, so eg lyt læ; og alle som høyrer det, kjem til å læ åt meg. Kven skulde vel tenkt seg og sagt det med Abraham, at Sara skulde leggja eit barn til brjostet?» sagde ho, «og no på hans gamle dagar hev eg fenge ein son!» Og sveinen voks upp, og ho vande honom av, og Abraham gjorde eit stort gjestebod den dagen Isak vart avvand. Og Sara såg at son åt Hagar frå Egyptarland, han som ho hadde fenge med Abraham, ståka og log. 10 Då sagde ho med Abraham: «Du skal jaga den terna der og son hennar! For ikkje skal son åt denne terna erva i hop med min son, med Isak.» 11 Dei ordi gjorde Abraham hjarteleg ilt for sonen skuld. 12 Men Gud sagde til Abraham: «Du skal ikkje hava hugilt for sveinen skuld eller terna skuld! Lyd du Sara i alt ho segjer til deg. For etter Isak skal ætti di heita. 13 Og sonen åt terna vil eg og gjera til eit heilt folk, etter di han er ditt barn.» 14 Morgonen etter reis Abraham tidleg upp, og tok fram brød og ei hit med vatn; det gav han Hagar, og lagde det på herdarne hennar; og han let henne få sveinen, og bad henne fara. So gjekk ho sin veg, og vingla umkring i Be’erseba-heidi. 15 Og vatnet traut i hiti. Då lagde ho sveinen ned under ein runne, 16 og sjølv gjekk ho eit stykke burt, som eit bogeskot på lag, og sette seg der. «Eg vil ikkje sjå på at sveinen døyr,» tenkte ho; difor sette ho seg eit stykke ifrå, og ho brast i og gret. 17 Men Gud høyrde sveinen øya seg, og Guds engel ropa frå himmelen til Hagar og sagde til henne: «Kva vantar deg, Hagar? Du tarv ikkje ottast! For Gud høyrde sveinen øya seg der han er. 18 Reis deg, lyft sveinen upp, og haldt honom fast i handi; eg vil gjera honom til eit stort folk.» 19 Og Gud opna augo hennar, so ho såg ein brunn; so gjekk ho dit, og fyllte hiti med vatn, og gav sveinen drikka. 20 Og Gud var med sveinen, og han voks upp, og budde i øydemarki, og då han tok til å mannast, vart han bogeskyttar. 21 Han slo seg ned i Paranheidi, og mor hans fann ei kona åt honom frå Egyptarland. 22 I same tidi hende det at Abimelek og Pikol, som var hovding yver heren hans, kom og sagde med Abraham: «Gud er med deg i alt det du gjer. 23 So sver meg no her ved Gud, at du ikkje vil fara med svik mot meg eller mot borni og barneborni mine: liksom eg hev gjort vel imot deg, so skal du gjera vel imot meg og mot det landet du hev fenge tilhald i.» 24 Og Abraham sagde: «Ja, det skal eg sverja på!» 25 Og Abraham kjærde seg for Abimelek yver den brunnen som drengjerne hans Abimelek hadde rana til seg. 26 Då sagde Abimelek: «Eg veit ikkje kven som hev gjort dette. Ikkje hev du sagt meg det, og ikkje hev eg høyrt det heller fyrr no i dag.» 27 So tok Abraham både sauer og naut og gav Abimelek, og dei gjorde ei semja seg imillom. 28 Og Abraham sette sju gimberlamb av fenaden for seg sjølve. 29 Då sagde Abimelek med Abraham: «Kva tyder det at du hev sett desse sju lambi for seg sjølve?» 30 «Desse sju lambi skal du hava av meg,» svara han; «det skal vera til vitnemål for meg, at eg hev grave denne brunnen.» 31 Difor kalla dei den staden Be’erseba. For der gjorde dei båe eiden. 32 So gjorde dei då ei semja i Be’erseba. Og Abimelek og Pikol, hovdingen yver heren hans, tok ut og for heim att til Filistarlandet. 33 Og Abraham sette ei tamariska i Be’erseba, og der kalla han på Herren, ævordoms Gud. 34 Og Abraham heldt lenge til i Filistarlandet.
Copyright information for NorSMB