Genesis 23

Alderen hennar Sara vart hundrad og sju og tjuge år; det var liveåri hennar Sara. Og Sara døydde i Arbabyen, som no heiter Hebron, i Kana’ans-land. Og Abraham gjekk heim og øya og gret yver Sara. Sidan reis Abraham upp, og gjekk burt ifrå liket, og han tala til Hets-sønerne og sagde: «Ein framand er eg imillom dykk, ein utlending. Lat meg få ein gravstad til eiga hjå dykk, so eg kann få gøyma henne som eg hev mist.» Då svara Hets-sønerne Abraham og sagde med honom: «Høyr her, gode herre! Ein gjæv hovding er du imillom oss. I den beste av graverne våre kann du jorda henne som du hev mist. Ingen av oss skal meinka deg gravi si til å jorda henne i.» Då reiste Abraham seg, og bøygde seg for landslyden, for Hets-sønerne, og so tala han til deim og sagde: «Samtykkjer de det, at eg gøymer henne som eg hev mist, so gjer vel og tel for Efron, son åt Sohar, at han let meg få Makpelahelleren, som han eig, og som ligg i utkanten av gjordet hans. Han skal få gode pengar for honom, er so han vil selja meg honom, her midt imillom dykk, til eigande gravstad.» 10 Men Efron sat midt imillom Hets-sønerne, og Efron, hetiten, svara Abraham, so dei høyrde på det, Hets-sønerne, alle dei som sokna til tingstaden hans, og sagde: 11 «Nei, høyr her, gode herre! Det gjordet gjev eg deg, og helleren som er der, den gjev eg deg og, for augo åt landsmennerne mine gjev eg deg honom. Jorda du henne som du hev mist!» 12 Då bøygde Abraham seg for landslyden, 13 og han tala til Efron, so landslyden høyrde på det, og sagde: «Gjev du vilde høyra på meg! Eg legg det som gjordet er verdt. Tak imot det av meg, so eg der kann få jorda henne som eg hev mist!» 14 Og Efron svara Abraham og sagde med honom: 15 «Høyr her, gode herre! Eit jordstykke, som er verdt fire hundrad sylvdalar, kva er det millom meg og deg? Jorda du henne som du hev mist!» 16 Og Abraham merkte seg ordi hans Efron, og Abraham vog upp åt Efron det sylvet han hadde tala um medan Hets-sønerne høyrde på det, fire hundrad sylvdalar, av deim som gjekk og galdt millom kjøpmennerne. 17 Og gjordet hans Efron i Makpela, som ligg austanfor Mamre, både gjordet og helleren som der var, og alle dei tre som på gjordet voks, so vidt det rokk rundt ikring, vart skøytt 18 til Abraham, so dei såg på det, Hets-sønerne, alle dei som sokna til tingstaden hans. 19 Sidan jorda Abraham Sara, kona si, i helleren på Makpelagjordet, austanfor Mamre, der Hebron no ligg, i Kana’ans-land. 20 Og gjordet med helleren som var der, kom frå Hets-sønerne yver på Abrahams hender, so han fekk det til eigande gravstad.
Copyright information for NorSMB