Genesis 26

Og det kom eit uår, so det vart stor naud i landet, liksom fyrre gongen, medan Abraham livde. Då for Isak til Gerar, til Abimelek, filistarkongen. Og Herren synte seg for honom og sagde: «Far ikkje ned til Egyptarland! Bu i det landet som eg segjer deg! Hald til i dette landet! Eg skal vera med deg og velsigna deg; for deg og ætti di vil eg gjeva alle desse landi; eg vil halda den eiden eg svor Abraham, far din. Og eg vil lata ætti di aukast, so ho vert som stjernorne på himmelen, og eg vil gjeva ætti di alle desse landi, og i di ætt skal alle folk på jordi velsignast, for di Abraham lydde meg, og heldt alt det eg vilde han skulde halda, bodi og fyresegnerne og loverne mine.» So vart Isak buande i Gerar. Og mennerne der i bygdi spurde honom ut um kona hans. Då sagde han: «Ho er syster mi.» For han torde ikkje segja at ho var kona hans; han var rædd mennerne i bygdi kunde slå honom i hel for Rebekka skuld, av di ho var so væn. Men då han hadde vore der eit bil, bar det so til, at Abimelek, filistarkongen, skvatta ut igjenom vindauga og fekk sjå at Isak heldt gaman med Rebekka, kona si. Og Abimelek kalla Isak til seg og sagde: «No ser me ho er kona di! Kvi sagde du då at ho var syster di?» «Eg tenkte eg kunde koma til å missa livet for hennar skuld,» svara Isak. 10 Då sagde Abimelek: «Kva er det du hev gjort imot oss! Kor lett kunde ikkje det ha hendt, at einkvar av folket hadde lege med kona di, og då hadde du lagt ei stor synd på oss.» 11 Sidan tala Abimelek til alt folket og lyste ut dei ordi: «Den som rører denne mannen eller kona hans, han skal lata livet.» 12 Isak sådde der i landet, og det året fekk han hundrad foll; for Herren velsigna honom. 13 Og mannen tok til å verta rik, og vart rikare og rikare, til han var ovrik. 14 Han hadde mykje bufe, både smått og stort, og mange drengjer, og filistarane vart ovundsjuke på honom. 15 Og alle dei brunnar som drengjerne åt far hans hadde grave medan Abraham, far hans, livde, deim kasta filistarane att, og fyllte deim med jord. 16 Og Abimelek sagde med Isak: «Flyt burt ifrå oss! du hev vorte for stor for oss.» 17 So flutte Isak burt, og lægra i Gerardalen, og der vart han buande. 18 Og Isak grov upp att dei brunnarne som dei hadde grave medan Abraham, far hans, livde, og som filistarane hadde fyllt att då Abraham var burte, og han kalla deim det same som far hans hadde kalla deim. 19 Og drengjerne hans Isak grov der i dalen, og fann ei vatsådr. 20 Då tok hyrdingarne frå Gerar til å trætta med hyrdingarne hans Isak, og sagde: «Det er vårt vatn.» Og Isak kalla den brunnen Esek, av di dei hadde dregest med honom. 21 Sidan grov dei ein annan brunn. Den trætta dei og um, og han kalla honom Sitna 22 So flutte han burt derifrå, og grov ein ny brunn. Den trætta dei ikkje um, og han kalla honom Rehobot, og sagde: «No hev Herren gjort det romt for oss, so me kann veksa i landet.» 23 Sidan for han derifrå upp til Be’erseba. 24 Og same natti synte Herren seg for honom, og sagde: «Eg er Gud åt Abraham, far din. Ver ikkje rædd, eg er med deg; eg skal velsigna deg og lata ætti di aukast for Abraham skuld, han som var tenaren min.» 25 So bygde han eit altar der, og kalla på Gud. Og der sette han upp tjeldbudi si, og drengjerne hans grov ein brunn. 26 Sidan kom Abimelek til honom frå Gerar med Ahusat, venen sin, og Pikol, herhovdingen sin. 27 Då sagde Isak med deim: «Kvi kjem de hit til meg, de som hev hata meg og jaga meg burt ifrå dykk?» 28 Og dei svara: «Me ser det grant at Herren er med deg, og no segjer me: «Kom, lat oss sverja ein eid oss imillom, me og du, og lat oss få gjera ei semja med deg, 29 at du ikkje skal gjera oss noko vondt, liksom heller ikkje me rørde deg, men berre gjorde vel imot deg, og let deg fara i fred.» No er du den som Herren hev velsigna.» 30 So gjorde han eit gjestebod for deim, og dei åt og drakk. 31 Og tidleg um morgonen reis dei upp, og gjorde eiden åt kvarandre. Sidan bad Isak farvel med deim, og dei for burt ifrå honom i fred. 32 Same dagen hende det at drengjerne hans Isak kom og sagde frå um den brunnen dei hadde grave. «No hev me funne vatn!» sagde dei med honom. 33 Og han kalla brunnen Sjib’a. Difor heiter byen Be’erseba den dag i dag. 34 Då Esau var fyrti år gamall, gifte han seg med Jehudit, dotter åt ein hetit som heitte Be’eri, og med Basmat, dotter åt ein annan hetit, som heitte Elon. 35 Og det vart ei hjartesorg for Isak og Rebekka.
Copyright information for NorSMB