Genesis 27

Då Isak var gamall vorten, og tok til å dimmast på syni, so han ikkje kunde skilja, då kalla han til seg Esau, eldste son sin, og sagde: «Du son min!» Og Esau svara: «Ja, her er eg!» Då sagde han: «No er eg gamall vorten og veit ikkje kva dag eg kann døy. Tak no du veidegogni di, pilehuset og bogen, og gakk ut i marki, og veid meg noko vilt, og laga ein god rett åt meg, soleis som du veit eg likar det, og kom so inn til meg med det; då vil eg eta, so sjæli mi kann få velsigna deg, innan eg døyr.» Og Rebekka lydde på at Isak tala til Esau, son sin. So gjekk Esau ut i marki og vilde veida noko vilt og hava med seg heim. Då sagde Rebekka med Jakob, son sin: «Høyr her!» sagde ho, «eg lydde på at far din tala til Esau, bror din, og sagde: «Kom heim med noko vilt, og laga ein god rett åt meg, so eg fær eta; då vil eg velsigna deg for Herrens åsyn, innan eg døyr.» Lyd no du meg, son min, og gjer som eg segjer deg fyre. Gakk burt i buflokken, og tak tvo gode kidungar, so skal eg laga ein god rett av deim åt far din, soleis som eg veit han likar det, 10 og du skal ganga inn til far din med det, so han fær eta og kann velsigna deg, fyrr han døyr!» 11 Då sagde Jakob med Rebekka, mor si: «Du veit Esau, bror min, er loden, og eg er snaud. 12 Kann henda far min trivlar på meg. Då trur han eg vil hava honom til narr, og eg fær ei våbøn yver meg og ingi velsigning.» 13 «Den våbøni skal eg taka på meg, son min,» sagde mor hans. «Berre lyd du meg, og gakk og henta meg kidi!» 14 Då gjekk han og henta deim, og kom til mor si med deim, og mor hans laga ein god rett, soleis som ho visste far hans vilde lika det. 15 So tok Rebekka dei beste klædi åt Esau, eldste son sin - dei låg inni huset hjå henne - og hadde deim på Jakob, yngste son sin. 16 Og skinni av kidungarne hadde ho på henderne hans og på halsen hans der han var snaud. 17 So let ho Jakob, son sin, få den gode retten og brødet som ho hadde stelt til, 18 og han gjekk inn til far sin, og sagde: «Far!» Og han sagde: «Ja, her er eg. Kven er du, guten min?» 19 Då sagde Jakob med far sin: «Eg er Esau, eldste son din. Eg hev gjort som du bad meg. Ris no upp, og set deg og et av det eg hev veidt, so sjæli di kann velsigna meg!» 20 Og Isak sagde med son sin: «So snøgg som du var til å finna det, son min!» Og han sagde: «Herren, din Gud, sende det imot meg.» 21 Då sagde Isak med Jakob: «Kom då hit, guten min, og lat meg få kjenna på deg um du er Esau, son min, eller ikkje!» 22 So gjekk Jakob innåt Isak, far sin, og han trivla på honom og sagde: «Det er målet hans Jakob, men henderne hans Esau.» 23 Og han kjende honom ikkje; for henderne hans var lodne som henderne åt Esau, bror hans; og han velsigna honom. 24 «Er du Esau, son min?» sagde han. Og han svara: «Ja, det er eg.» 25 «Set no fram åt meg då,» sagde Isak, «og lat meg få eta av det som son min hev veidt, so sjæli mi kann velsigna deg!» Då sette han fram åt honom, og han åt, og han kom med vin til honom, og han drakk. 26 So sagde Isak, far hans, med honom: «Kom no hit, og kyss meg, son min!» 27 Då gjekk han burt til honom og kysste honom, og han kjende angen av klædi hans, og velsigna honom og sagde: «Sjå, som angen av ei eng som Herren signa, so angar det av sonen min! 28 So gjeve Gud deg dogg frå himlen høge, og engjar av dei feitaste på jordi, og nøgdi utav korn og druvesaft! 29 Deg tjoder tena skal, og folkeslag skal falla deg til fota. Ver herre yver brørne dine! Borni åt mor di bøygje seg for deg! Forbanna vere dei som deg forbannar! Velsigna vere dei som deg velsignar!» 30 Med same Isak hadde velsigna Jakob - det var ikkje meir enn so vidt at Jakob var komen ut att frå Isak, far sin - då kom Esau, bror hans, heim att or veideskog. 31 Han og laga ein god rett og bar inn til far sin. So sagde han med far sin: «Vil ikkje far risa upp og eta av det som son hans hev veidt, so sjæli di kann velsigna meg!» 32 Og Isak, far hans, spurde honom: «Kven er du?» Og han svara: «Eg er Esau, eldste son din.» 33 Då vart Isak so forfærd at han skalv, og han sagde: «Kven var det då som veide vilt og kom til meg med? Eg åt av alt saman, og velsigna honom, fyrr du kom, og no lyt han vera velsigna.» 34 Då Esau høyrde dei ordi av far sin, sette han i eit skrik so høgt og sårt, at det var ilt å høyra. So sagde han med far sin: «Velsigna meg, velsigna meg og, far!» 35 Men han svara: «Bror din kom med velor og tok velsigningi di.» 36 «Heiter han då ikkje med rette Jakob?» sagde Esau. «Meg hev han no svike tvo gonger. Fyrst tok han odelen min, og sjå no hev han teke velsigningi mi.» So sagde han: «Hev du ikkje att ei velsigning til meg og?» 37 Og Isak svara Esau og sagde: «Sjå, no hev eg sett honom til herre yver deg, og alle brørne hans hev eg gjort til hans tenarar, og med korn og druvesaft hev eg styrkt honom! Kva kann eg so gjera for deg, son min?» 38 Og Esau sagde med far sin: «Hev du då berre denne eine velsigningi, far? Velsigna meg, velsigna meg og, far!» Og Esau gret høgt. 39 Då tok Isak, far hans, til ords att, og sagde til honom: «Sjå, langt burte frå dei feite bøarne din bustad vera skal, og utan himmeldoggi ovantil. 40 Av sverdet ditt du liva skal, og tena lyt du broder din, men ein gong kjem den tid du riv deg laus, og rister oket hans av halsen din.» 41 Men Esau hata Jakob for den velsigningi som far hans hadde lyst yver honom, og Esau sagde med seg sjølv: «Snart kjem den tidi då me lyt syrgja yver far min; då skal eg drepa Jakob, bror min.» 42 Og Rebekka fekk vita kva Esau, eldste son hennar, hadde sagt. Då sende ho bod etter Jakob, yngste son sin, og sagde med honom: «Høyr her! Esau, bror din, vil hemna seg på deg og drepa deg. 43 Lyd no meg, son min: tak ut og røm til Kharan, til Laban, bror min, 44 Og ver hjå honom eit bil, til harmen hev gjenge av bror din, 45 til vreiden hans hev gjeve seg, og han hev gløymt det du hev gjort imot honom! Då skal eg senda bod og henta deg heim att. Kvi skulde eg missa dykk båe tvo på ein dag?» 46 So sagde Rebekka med Isak: «Eg er so leid av livet for desse Hets-døtterne skuld! Skulde no Jakob og taka seg ei kona utav Hets-døtterne, slik ei som desse, ei her ifrå landet, kva hadde eg då liva etter?»
Copyright information for NorSMB